Klokka er no 21.15. Temperaturen er +2 grader og snøen lavar ned. I dag før middag var det rett nok sol, men kaldt. Bildet over er tatt for ca 1 time sidan.
Elles har det ikkje skjedd så mykje i dag, anna enn at Margrete og ungane har vore her til middag. Menyen var lammesteik og heimelaga kjøttkaker, begge delar frå fryselageret.
Nils la om til sommardekk på bilen til Margrete, spørs om det var særlig lurt. Nils og ein kamerat for ut for å sette garn i kveld og så skal dei drage i morgon. På yr.no var det meldt strålande ver både måndag og tysdag. Det må vere noko dei ikkje har sett.
No kom Nils heim. Han fortel at det var fint ver ute på Rjåneset.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagbok 2026: 15.juli
Klokka er no 19.43, temperaturen ute er + 21 graderC. Sola skin som ho har gjort i heile dag, men tidleg på morgonen trur eg det hadde reg...
-
Klokka har passert 20.00. Vêret er som før, klårt og kaldt. Akkurat no er temperaturen minus 13 grader C. Jupiter er stor og klar i aust. ...
-
No har vi rikelig makrell til oss sjølve, enda om diverse naboar har fått sitt. Makrellen kan vi steike, men best likar vi den kald, kokt me...
2 kommentarer:
Eg er i Spjelkavik på sommerdekk, planen er å vere til onsdag, håpar på godt føre..
Trur ikkje denne snøen legg seg i ro på vegen i alle fall.
Legg inn en kommentar