Klokka er snart 19.00. Ute dalar snøen ned, og enda ein vinter er på veg, ser det ut til. Temperaturen er + 1 grad C. Sist natt var det kuldegrader. På føremiddagen i dag var det fint ver og delvis sol, men kaldt. Slik er vel april ? Veret skiftar - nesten frå time til time.
Nils var så flink og flittig før middag at har fekk gjort ferdig vedprosjektet sitt.
Eg tok fram "Smalhans"-kokeboka mi og laga mulligatawny-suppe etter Gunda si oppskrift. Hadde både hønsekjøt og kraft att frå påska. Ser at der er utrulig mange oppskrifter på nettet, så det er vel med denne suppa som med bacalao, einkvar lagar den etter sitt hovud eller smak. Suppa blei god, den, men eg har gått rundt å ei kryddersky i heile dag, trur krydderlukta har sett seg både i hår og klede.
Resten av dagen har eg vore gørlat. Har delvis lege på sofaen og delvis site og strikka, mens eg las ut boka som eg heldt på med. Somme bøker er vanskeligare å legge frå seg enn andre.
I dag gratulerer vi Kristoffer på Eid med dagen.
lørdag, april 14, 2012
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Klokka er no 17.16, temperaturen ute er minus 2 grader, før i dag har vi hatt varmegrader og berre vegar. Eg var på trening i dag og etter ...
-
No har vi rikelig makrell til oss sjølve, enda om diverse naboar har fått sitt. Makrellen kan vi steike, men best likar vi den kald, kokt me...
-
Klokka er no 17.18, temperaturen ute er + 4 grader det er nokre snøflukser på veg ned, men det har ikkje snødd så veldig mykje i dag. Naboen...
2 kommentarer:
Snø? Her kom nokre hagl, men elles er her grønt og fint.
Snø her også. Kris feirar bursdagen sin på hybelen,er inne i ein hard periode med eksamenslesing.Mor og tante på besøk hos han i dag.
Legg inn en kommentar