torsdag, mai 16, 2013

Dagbok 2013: 16.mai.

Klokka er snart 19.30 og Nils har funne fotballkamp i dag også. Eg har begynt på ei ny bok, så eg har mitt. Ute er det lettskya og fint vêr, temperaturen er + 15 grader. Det er gode meldingar for morgondagen. Lenge sidan det har vore ein 17. mai med finevêr. Nils og eg plar ikkje feire så voldsom, brukar knapt å gå ut for ei dør; men i morgon skal vi til Hareid. Vi reiser utover til lunsj og blir med på folkefesten der Øystein skal delta med program.
I dag var Nils vekk då eg vakna, ikkje heilt uvanlig, og eg forstod kvar han var. Han var sjølvsagt ute og fiska, var heime att då klokka var vel 9. Han hadde ein passelig fangst, så vi har fisk å ta med til Hareid i morgon. Vi + nokre av naboane hadde kokt småsei til middag i dag. Her deler vi godene.
Eg vaska litt til helga og la i hop ein stor klesvask før vi tok ein liten tur til Vik. Det var ikkje så mykje vi skulle ha, men eg trefte ei dame som eg hadde ein lang og hyggelig prat med.
Hadde tenkt å sole meg på altanen då vi kom heim, men sola var ikkje framme, så eg gikk tur i staden. Gikk opp skogsvegen til ein plass vi kallar "Svingen", der må ein bestemme seg om ein skal gå lenger oppover, same vegen tilbake eller ta råsa ned att.Råsa er stien som går oppå fonnvernet. Eg valde det siste. I seinare år har eg gått berre på vegar, så eg er heilt utrena i terreng, men det gikk bra når eg tok tida til hjelp. Det er mange år sidan eg har gått denne råsa, så det var kjekt å sjå att dei kjende stadane.(Hadde berre lommekamera, så bild er deretter).

Elva heiter Skytjåa og renn saman med Vike-elva ved kyrkja.
(Under asfalten)

I dag har Eivind fødselsdag. Han fyller 11år, og er blitt ein stor og lang gut. Snill og kjekk er han også. Vi gratulerer heile familien med dagen! Har dessverre ikkje noko nytt bilde av Eivind, så det får bli eit bilde frå oktober 2012.

2 kommentarer:

Hildegard sa...

Kjekt at du nyttar deg av dei fordelane det er i å bu så nær utmark og skogsvegar. Ønskjer dykk ein fin 17. mai på Hareid! Her hos oss blir det som vanleg familietreff gjennom heile dagen.

Besta sa...

God 17.mai ønsker vi dykk. Kjekt å ha sine eigne rundt seg, vi har jo ingen her i Ørsta, så vi held oss i hus til vi skal reise utover.

Dagbok 2024: torsdag18.april

   Det er nokre år sidan dette bildet vart tatt på Hareid, med alle barnebarna i samme sofa Klokka er no16.56, temperaturen ute er + 10 grad...