fredag, mai 17, 2013

Dagbok 2013: 17.mai.

Klokka er ca 20.45, og vi kom heim for ei lita stund sidan. Vi har feira dagen på Hareid i lag med Solveig sin familie.Det har vore ein veldig fin dag på alle måtar, ikkje minst når det gjeld veret. Då vi reiste frå Ørsta i 13-14 tida var det lettskya, og temperaturen var + 21 grader. I Ulsteinvik var det berre +13, men på Hareid var det nesten like varmt som i Ørsta. Vi sat ute og prata til det var tid å ete lunsj.Menyen var spekemat med tilbehør,og til dessert Pavlova+ gele med heimelaga vaniljesaus. Vi gjorde ære på maten og åt godt.
Då vi kom var det berre den yngste av barna som var heime, etter kvart kom også russeguten og til slutt journalisten, som hadde ei lita fristund. Han var elles på jobb i dag.
Etter at vi hadde site på altanen, prata og drukke kaffi ei god stund, var det folkefest i Hareidshallen.Der var mykje program, blant anna song Hareid kammerkor fleire songar. Hareid har jo vore korbygd nr.1 her i distriktet i fleire generasjonar, så det er kjekt å sjå at tradisjonen lever. Elles var det ei nokså lang tale, før 6.klassingane fekk sleppe til. Dei var veldig flinke å synge!! Elles var det ein gut som spela piano og ein som viste filmen han hadde delteke med i UKM -og som han gikk vidare med. Ja, det er ikkje sikkert eg nemner programinnslaga i rett rekkefølge.
Øystein hadde fått i oppgåve å snakke om Ivar Aasen og språkåret. Det greidde han fint, utan at det vart for langt. Han var flink!
Dei hadde leigt inn skikkelig lydanlegg og lydmann som styrte det. Det gjorde sitt til at song, musikk og taler nådde fram til alle. Det var foreldra til 6.klassingane som var 17-maikomite. Ei grei ordning.
Ikkje alle bilda eg tok var like vellykka og ikkje alle kom med.Men her er Olaug med den eine kanina og Håkon i russekostyme.Solveig har sognebunad og Olaug sunnmørsbunad.



 

3 kommentarer:

Bjørg sa...

Kjekt å sjå og høyre frå Ørsta. De har hatt ein like fin 17. mai som vi har hatt her i Larvik.

Refleksjon på livsvegen sa...

Ser ut til at dokke har hatt ein triveleg dag.
Undra meg på kva bunad Solveig hadde på seg. Fint at du forklarte det :-)

God Pinsehelg!!

Hildegard sa...

Vel overstått 17. mai! Fin dag på N.eid også. Stor aktivitet heile dagen, frå revelje kl 07 m/Eid Musikklag, barnetog kl 10,00 (framleis via sjukehuset), kyrkje kl 12, folketog kl 15 til Plassen m/taler, russ, barneleikar, kiosk v/Valhall, og avslutning m/tappenstrek/tog kl 20.

Dagbok 2024: 28.mars. I dag fyller eg 84 år.

Klokka err no17.03, temperaturen ute er+ 10 grader, det er lettskya og fint  I dag har eg fått mange gratulasjonar på nettet -og elles. Eg s...