Klokka er snart 18.00 og ein nydelig dag går mot kveld. Temperaturen er + 23 grader C, og sola vil nok skine enno eit par timar. Max temp. som vi har registrert i dag var på + 25 grader C.
No ringer kyrkjeklokkene pinsa inn, og eg vil nytte høvet til å ønske alle ei god pinse. Her i Ørsta har dei frå gammalt av ein skikk som var ukjend for meg då eg kom hit, nemlig å brenne pinsebrising (bål). Lensmann Riise(far til Arill) som var naboen vår nokre år, lærte meg at pinsebrisingen skulle loge, mens jonsokbrisingen skulle ryke.No trur eg dei fleste nøyer seg med å grille, anten det er pinse eller jonsok. Nils og eg skal ikkje grille i dag, vi har nettopp sett til livs store mengder med fiskesuppe. Det var det vi hadde lyst på i dag.
I dag har eg vore gør-lat. Rett nok støvsuga eg alle teppegolva føst på dag, men sidan har eg stort sett lege på altanen og sola meg med lydbok på øyret.Nils har pusla litt i hagen, og vore ein liten tur på nærbutikken.I fjor hadde vi nokre fine dagar i mai, og det var den sommaren vi fekk, så det gjeld å nyte sola mens ho er her, vi får tids nok skodde og gråvêr.
I kveld blir det vel ei endelaus Grand Prix-sending, som eg berre MÅ sjå, sjølv om eg synest det er nokså kjedelig. Eg vil ikkje at den norske songen skal vinne, så eg slepp å bli skuffa om vi hamnar langt nede. Som favorittar har eg Nederland, Island, Ungarn og nokre til. Likar songar med skikkelige melodiar. Men så er eg vel ikkje i rette målgruppa.Vi har ingen spesielle planar for helga, vi får la vêret og dagsforma inspirere oss.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Det er berre ei lita stund sidan eg tok dette bildet. No ser det ut til at vi skal få skikkeleg fint ver igjen, slik vi hadde søndag for ei ...

-
No har vi rikelig makrell til oss sjølve, enda om diverse naboar har fått sitt. Makrellen kan vi steike, men best likar vi den kald, kokt me...
-
Klokka er no16.42, temperaturen ute er +24 grader, Det har vore ein fin dag, og den vart finare etter kvart. Bildet over tok eg på føremidda...
2 kommentarer:
Vi reiser ut til havet eit par dagar, må prøve den nye vegen. God pinse!
Sikkert fint og friskt ved havet no, vi kosar oss heime.
Legg inn en kommentar