lørdag, mai 25, 2013

Dagbok 2013: 25.mai.

Morgon.

Klokka er snart 20.00, ute skin sola frå nesten skyfri himmel og temperaturen er + 13 grader. Då vi stod opp i dag, låg skodda sid og det var iskaldt. Eg hadde i grunnen tenkt å kjøpe plantar og fikse opp litt rundt dørene, men miste aldeles lysta i det gråkalde vêret.
Vi tok ein tur til Vik, handla litt småtteri her og der, og så gikk vi opp i gata for å sjå om der var kjentfolk. Vi hamna på kafeen "Adam" der dei har buffet om laurdagane. For 100 kr fekk ein forsyne seg av mange rettar, så mykje ein ville ha. Full middag for vår del. Eg kunne tenkt meg litt sterkare smak på maten, men dei er kanskje redde for at nordmenn ikkje toler å svi litt på tunga. Der var chilisaus som vi kunne ta av viss vi ville. Eg ønsker at denne kafeen skal klare seg, for viss eg først skal ete ute, vil eg ha anna mat enn den eg lagar sjølv heime.Beste dagen å gå på "Adam" er tysdagane, for då får dei inn friske grønsaker, der er nemnlig butikk også. Og tomatane ein får der smakar mykje betre enn dei vi får på andre butikkar.
Då vi kom heim i 14-tida begynte det å klarne opp, så vi la oss på altanen og sov middag, eg hadde sjølvsagt bok på øyret.
SÅ gikk vi ut og jobba i hagen ei stund; Nils flytta m.a. ei buske som stod oppe ved garasjen ned på plenen, og eg reinska eføyveggen for brune blad, det vart to breiddfulle baljar. Så no kan vi slappe av i trua på at vi har gjort noko nyttig i dag også.
Det vart ingen lottogevinst denne veka heller, men vi må berre halde fram med same rekka nokre år til....Ein kan aldri vite.
Kveld.

1 kommentar:

Hildegard sa...

Fin laurdag her også, var ute og jobba i hagen og slappa av i hagestova. Stor aktivitet på Stadion i Øyane, der det var Eida-cup for born frå 6-12 år. Kjekt at dei var så heldige med veret.

DAGBOK 2024: 19. APRIL

  Dette bildet er eit par veker gammalt, eg har ikkje fått orden på bildebruken enno. Klokka er no 17.20, temperaturen ute er+8 grader, det ...