onsdag, mai 22, 2013

Dagbok 2013: 22.mai.

Klokka nærmar seg 20.00. Ute er det regn og grått, og temperaturen er berre + 8 graderC. Den varme sommaren forsvann fort. Men plometrea rakk akkurat å sprette ut før det slo om til regn og kulde.Plenen nedanfor huset er lite å skryte av. Nils har gjødsla for å få bort mosen, og så er det vel litt isbrann også. Ja, det kjem seg vel.
I dag har det vore ein litt halvsløv dag. Nils for nedover tidlig i dag for å klippe seg. Eg shina opp kjøkkenet mens han var vekke, bytte på sengane og vaska håret.
Så skulle vi nedover og handle. Vi var og såg på vedkløyvarar hos Clas Ohlson, men fann ut at vi ville sjekke Bygg-Mix i Volda også. Ingen ting blei bestemt i dag. Den kløyvaren som no står inne hos Margrete, er for veik til store kubbar, dessutan er han ikkje heilt i orden.
Då vi kom tilbake til Ørsta handla vi på Spar. Der er veldig godt vareutval, god orden, men dyrare enn der vi plar handle. Nils fekk veldig lyst på Taco, og då passa det bra at dei hadde kjøttdeig på tilbod. Taco blei det då vi kom heim, men først var eg innom biblioteket, der eg fann ei heilt ny bok. Krim til ei forandring. Ja, eg har faktisk lese fire bøker etter kvarandre som ikkje var krim. Tenk det!
Etter at vi hadde kosa oss med Taco, vart det avslapping på sofaen, og så måtte eg til å rippe den nye boka og legge den inn på MP3-spelaren, slik at eg kan ha den i lomma.Eg hadde litt plunder med datamaskina, så då tek det si tid. 
Hadde eigentlig tenkt å gå tur mens Nils ser fotball, men eg er ei fryse-pyse og likar meg ikkje ute når det er både regn og kaldt.

1 kommentar:

solveig sa...

Eg har nesten dårleg samvit for at eg ønska meg nokre frå dagar. I morgon håper eg på betre ver.

Dagbok 2024: 25.april i dag.

 Bilde frå turen min i dag- På det øvste bildet ser vi gjengen som har tatt ned masse ore-skog og rydda fint opp. I dag hadde dei ei maskin ...