fredag, juli 20, 2012

Bok nr. 35 - 2012: Bienes hemmelige liv.


Bienes hemmelige liv

Denne boka har eg lese før, men eg har hatt lyst til å lese den om att. Eg er litt hekta på bøker frå sørstatane i USA.Den er filma, men eg har ikkje sett filmen.
Dette er ei fin bok, men den kunne lett blitt sentimental om ikkje ei jente på 14 år hadde hatt fortellarstemma. Ho fortel si eiga historie; om mora som døde då ho var fire år, og om faren som ikkje er særlig snill med henne. Derfor rømmer ho heimanfrå i lag med den svarte hushjelpa. Dei endar opp med å bu hos tre svarte kvinner som driv med honningproduksjon.
For dei som ikkje har lese boka vil eg anbefale den. Om boka er enkel,kan ein lese mykje mellom linjene.Ein skulle vel ikkje skrive slikt, men eg trur boka vil falle betre i smak hos kvinner enn menn.
Henriette Steenstrup les godt.

2 kommentarer:

Bjørg sa...

Eg har lese ho. Boka er populær i familien. Elin og Sunniva har lese ho. Kari og døtrene hennar. Trur som du at mest kvinnelege lesarar likar boka.

Bjørg sa...

No les eg ei anna bok av same Sue. Reise med granateple. Ho er meir psykologisk, lite handling. Men gode tankar. Eg les på engelsk, så får nok ikkje med meg alt. Kanskje eg les ho på norsk etterpå.