tirsdag, juli 17, 2012

Bok nr.34 - 2012: Drømmeløs


Drømmeløs - Jørgen Brekke

Dette er den andre boka Jørgen Brekke har skrive om etterforskaren Odd Singsaker.  For ein gong skuld har eg lese bøkene i kronologisk rekkefølge, noko som er ein fordel, i og med at det er framhald i ein del av historia. Nemlig den delen som omfattar privatlivet til etterforskaren. 
Denne boka er på mange måtar enklare og mindre grotesk enn den første, men er bygd opp på samme måten, med ei historie frå notida og ei frå fortida, denne gongen frå 1700-talet - begge frå Trondheim.. Det er tydelig at forfattaren er ein historieforteljar; han boltrar seg i historiske fakta, blanda med fiksjon. Eg likar denne blandinga, og dåmen av eventyr.
I den første boka fekk vi høyre mykje om dissekering av lik i eldre tider, der motivet var å finne ut mest mulig om menneskekroppen. 
I denne boka er gamle skillingsviser tema. Ikkje fullt så motbydelig altså.
Om ein "kjøper" sjølve brotsverket og løysinga er ei anna sak, for meg vart det først og fremst forteljingar, den eine vevd inn i den andre. Ja, den eine forteljinga kunne godt vore emne til ei skillingsvise for den del.
Eg har likt desse to bøkene til Brekke, fordi han skriv godt og underhaldande. Noko meir enn god underhaldning blir det ikkje for meg, men somme tider er det greitt nok. Margrete er i ferd med å lese boka, så ho kjem vel med ei meir proff bokmelding. Der er også mykje stoff på nettet, men slike lettlesne krimbøker er det like greitt å ikkje vite noko meir om på førehand etter mi meining.
Lydboka er på 7 CD-plater.

3 kommentarer:

arieldog sa...

Eg blogga ikkje så "proft" som du førespeglar, men eg likte betre denne boka enn den første. Det har noko med komposisjonen å gjere, for den første boka vart litt langdryg mot slutten. Uansett er det artig med krim frå Trondheim, og den historiske biten er både lærerik og interessant.

Besta sa...

Heilt enig. Men eg trur den første boka vart litt langdryg fordi vi skulle bli kjende med alle personane. Særlig biten frå USA blei litt "på sida" i tilleg til til to tidsplan. Det er noko med lydbøker-dei må ikkje vere for invikla i oppbygginga.

Besta sa...

Håper han kjem med fleire bøker med eitt eller anna histrisk tema, det er i grunnen den biten eg likar best.

Dagbok 2024: 28.mars. I dag fyller eg 84 år.

Klokka err no17.03, temperaturen ute er+ 10 grader, det er lettskya og fint  I dag har eg fått mange gratulasjonar på nettet -og elles. Eg s...