mandag, juli 09, 2012

Vêrmelding 9.juli - 2012

Klokka er ca 20.30. Temperaturen ute er + 16 grader, det har vore overskya og opplett i heile dag.
Eg vakna stil og støl i heile kroppen, men fann ut at eg berre fekk finne på noko inne; å sitte i ro er inga løysing. Eg fann ut at eg ville vaske ned "gjesterommet", noko som er ein enkel jobb. Då er var ferdig med det, fann eg ut at eg kunne ta badet med det samme, det baud ikkje på dei store problema. Må innrømme at eg ikkje går så veldig grundig til verks som eg gjorde før, største problemet er å buksere det lange moppeskaftet i små rom.
Så fekk eg uventa telefon frå Bodil om at dei var i Ørsta og skulle hente nokon på flyplassen. Dei hadde vel ein time til overs, så dei kom oppom ein tur. Veldig kjekt. Audun vil komme og fiske i lag med morfaren i morgon, han skal vere til torsdag då det blir familietreff hos  Margrete; ikkje alle har sett huset hennar enno. Så denne veka blir det litt liv og røre.
Nils har vore stad og fiska nokre makrellar som eg skal koke i kveld og servere kalde i morgon ein gong. Eg brukar oppskrifta i boka "Fjordamat"- det blir veldig godt.


Eg kokar makrellen i denne laken:


1 liter kokande vatn
1 kopp eddik (5%)
2 ss sukker
1 1/2 ss salt
2 laurbærblad
2 ts heil pepar


Lat fisken stå i laken etter den er ferdigkokt, gjerne til dagen etter.
Fjordsild kan ein koke på same måten, det er nesten enda betre.
Server med kokte poteter, rømme og agurksalat.

2 kommentarer:

Hildegard sa...

Gløymde visst å takke for kaffi og god brødmat, då vi reiste. Flyet var 10 min før tida. Ingrid dårleg i natt, men betre i dag. Stadig nye spennande oppskrifter du kjem med. Hadde diverre ikkje lese bloggen din før i kveld, så Besten sine makrellar vart kokte på "gefylen" i dag. Skal ha oppskrifta klar til neste gong han kjem heim med makrell. Han hadde seg ein fin tur på sjøen i dag.

Besta sa...

Makrellen vi hadde denne gongen var liten og mager, så då kunne det greidd seg med mindre eddik-kanskje. Peder fekk det vi løyvde, han gler seg alltid til eg skal koke makrell til han.

Dagbok 2024: 24.april

                           Eg gjekk ein runde på Vernet før eg for på møte. Klokka er no 18.04, temperaturen ute er + 7 grader, sola skin no...