Klokka er 17.00. Temperaturen er + 6 grader C, og det er vått og grått. Det er halvmørkt heile dagen, og energibarimeteret mitt står på 0. No treng vi lys og sol!
I dag har eg vore utrulig "lat" men det er heldigvis nokre timar att av dagen, i tilfelle eg skulle få eit anfall av arbeidslyst.
Før middag var vi ein liten tur på Amfi, ikkje berre for moro; det var medisinar som skulle hentast også.
Då vi kom heim laga eg middag. I dag var det steikt blålange, med grønsakblanding og remuladesaus. Det vart eit luksusmåltid.
Så vart det lang siesta med lydbok på øyret. Eg har begynt på ei ny lydbok, men har ei kjensle av at eg har lese den før. Sjekka bloggen min - der fann eg den ikkje. Men ein episode kjende eg tydeleg att....?
Nils skal på møte i SV i kveld, så då får eg kanskje lese litt. Så har eg ei årsmelding å skrive og printe ut. Men årsmøtet er ikkje før den 25.feb. , så eg har god tid. No skal eg i alle fall rydde kjøkkenet, så det blir strøkent !
Arne Ola hadde skrive om musikalen i Møre-Nytt i dag, og det var berre godord! Berre ein ting var litt negativt, musikken var til tider så sterk at songen vart borte. Det er eg enig i. I kveld skal Solveig & Co til Sjøborg i Ulsteinvik og sjå/høyre forestillinga der. Margrete og Svein skal også dit. Margrete ville sjå den ein gong til. Torsdag skal dei spele i kulturhuset i Fosnavågen. Hadde det ikkje vore for at vi skal dit 4.mars og høyre 12 tenorar, så hadde vi reist ut dit no.Trur at det blir enda flottare der enn her, med det lydsystemet dei har.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Klokka er no 17.16, temperaturen ute er minus 2 grader, før i dag har vi hatt varmegrader og berre vegar. Eg var på trening i dag og etter ...
-
No har vi rikelig makrell til oss sjølve, enda om diverse naboar har fått sitt. Makrellen kan vi steike, men best likar vi den kald, kokt me...
-
Klokka er no 17.18, temperaturen ute er + 4 grader det er nokre snøflukser på veg ned, men det har ikkje snødd så veldig mykje i dag. Naboen...
2 kommentarer:
Eg reagerte ikkje på lyden. Det einaste eg var misnøgd med var publikum. Det var stivare enn vi er vane med - i London.
Det er kanskje betre lydanlegg der ute, det er det i alle fall i Fosnavåg.
Legg inn en kommentar