Klokka er 0.45, og nokre i familien har lagt seg.Temperaturen ute er ca +12 grader C no midt på natta, og det er klårt.
Sommaren kom tilbake i dag med nydelig sol og sommarvêr. Rasmus og fam. reiste til Hareid i 11-tida og var vekke heile dagen. Nils og eg valde å vere att heime og slappe av i sola, etter først å ha rydda opp litt inne. Fekk ein liten ekstrajobb sidan bokhylla kollapsa - sånn delvis, Nils måtte reparere og eg rydde bøkene på plass igjen. Det var det mest dramatiske som hende i dag.
Det er voldsomt kor graset har vakse etter at regnet kom, så eg er redd Nils må til å klippe i morgon. Eg var ute og rydda litt i bedda i kveld, det gror fort til med ugras også når det blir vatna.
Vi var ein liten tur på Kiwi og handla i kveldinga, før Rasmus & Co kom heim att. Dei hadde hatt det kjekt og gutane hadde fått både padla og bada i Snipsøyrvatnet. Det er bilde på Solveig sin blogg.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagbok 2026: 14.juli
Klokka er no18.15, temperaturen ute er +18 graderC og det er sol og litt vind. Vi har hatt ein fin dag. Eg var ikkje heilt i form då eg stod...
-
Klokka har passert 20.00. Vêret er som før, klårt og kaldt. Akkurat no er temperaturen minus 13 grader C. Jupiter er stor og klar i aust. ...
-
No har vi rikelig makrell til oss sjølve, enda om diverse naboar har fått sitt. Makrellen kan vi steike, men best likar vi den kald, kokt me...
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar