torsdag, februar 20, 2020

Dagbok 2020: 20.02.2020


Klokka er 16.45, temperaturen er + 1 grad C. På føremiddagen var det grønt som ein maidag ute, men etter at eg hadde kvilt litt, var dette synet som venta meg. Måtte berre ut på trappa for å verifisere vêret.
Sist natt sov eg godt utan problem, armane var vonde då eg stod opp, men elles var eg i bra form. Eg hadde ein liten plan for dagen og det var å ta fredagsvasken i dag sidan Solveig ville kome ein tur i morgon. Den vasken tek ikkje lange stunda så eg hadde nokre andre jobbar på lur. Solveig ringde og vi avtalte for morgondagen. Vi skal ein tur til Volda for å handle litt og så får vi sjå kva vi elles finn på. Eg er litt pysete med det at eg ikkje køyrer til Volda sjølv-det har med vegar og trafikk å gjere. Her i Ørsta køyrer eg overalt.
Då eg var ferdig å vaske golv tok eg og laga til ei bytte med eddik-vatn og vaska vindua med mopp utvendig. Eg har ikkje tru på at dei vart fine og blanke, men kanskje ser dei litt mindre skitne ut ? Svaret får eg når sola kjem fram.
Sidan eg ikkje var på spanskkurset i går, har eg jobba ganske mykje med spansken her heime. Vi jobbar mellom anna med "Mi vida loca" på data, og det kan eg gjere heime også, er redd for å dette av lasset viss eg ikkje får med meg alle "timane". Brukte mykje tid her heime i alle fall. 
Til middag kokte eg spagetti og åt den med riven parmesan. Det kan no ikkje vere skadeleg ? Det som var att av spekesilda måtte eg berre kaste. Når ein er åleine kan ein ete akkurat det ein vil-det er ein fordel.
Eg la meg ei lita stund på dagsenga mi og høyrde  lydbok. Held meg mykje her på datarommet når eg er her åleine, for her er det varmare enn inne i stova. No skal eg kanskje bøte nokre lestar-det er slikt eg gjer innimellom. Kan ikkje strikke for mykje, men strikka ferdig eit lestepar i går. Det går bra å strikke når det ikkje blir for mykje.
Den snøen som kjem ned no var eg ikkje budd på, men den regnar vel fort vekk igjen.


Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 16.april

  Dette bildet er frå i fjor, men trappa ser likeins ut i dag og eg har gått dei 43 trinna i dag også. Klokka er no 16.04, temperaturen er +...