søndag, februar 23, 2020

Dagbok 2020: 23.februar

Klokka er no 17.42; temperaturen ute er + 1 grad, og det har kome litt snø. 
Då eg stod opp i dag var det bert og eg tenkte at det kunne bli ein tur på Vernet, men lysta avtok då det begynte å snø. Eg er så lei av vêret denne såkalla vinteren.
Men eg har alltid noko å ta meg til, og eg får aldri gjort alt eg har tenkt. 
På føremiddagen i dag festa eg trådar på eit plagg eg har strikka, vaska det og la det til tørk. Deretter rydda eg i strikkepinnar og garnrestar. Eg har mine eigne garnrestar i tillegg til dei eg har fått av Solveig, og alt skal bli til noko om eg kjøper litt garn attåt. Lestar blir det til dømes aldri for mykje av. Slike ryddeprosjekt tek meir tid enn ein skulle tru, men eg sit ikkje i tidsklemma. Så laga eg meg litt middag, i dag vart det også steikte grønnsaker, men sidan det var sundag tok eg ein pølsebit til. Eg prøver å ete opp restar som eg har i kjøleskapet på kjøkkenet. Eg har den uvanen at eg kjøper inn meir enn det eg et opp-det bør eg slutte med.
Eg har sjølvsagt jobba med spansken i dag også, og gler meg til eg skal på kurs onsdag.
Eg la meg inn på dagsenga for å lese i ei av bøkene eg hadde fått frå Øystein, ei bok som eg trur eg vil like godt. Men trur de ikkje eg sovna? Klokka var 17.30 då eg vakna og då meiner eg å ha sove ei god stund. Det er lettare for meg å sove om dagen enn om natta. 
Eg var lens for ved, så eg har ikkje fått fyre i omnen siste dagane, men no har eg sendt melding til Even om at eg treng meir brensel. Eg held meg mykje på datarommet mitt, for her blir det fort varmt sidan her er berre ein ytrevegg og rommet er lite. Her har eg liksom kontoret mitt og ei seng eg kan legge meg ned på. Men når eg skal sjå TV må eg inn på stova. Eg brukar sjeldan å sette på TV-en før klokka 19. Men no skal eg sette meg inn i godstolen og lese bok. Er det KVILEDAG, så er det KVILEDAG og då skal ein vel KVILE ?


Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 15.april

Alt av bilde som eg hadde på PC en er borte vekk, men eg er ikkje heil hjelpelaus, for bildet av blomstane frå i fjor låg ein annan stad på ...