mandag, august 20, 2018

Dagbok 2018: 20.august.


Desse strikka eg ferdig i går. Det er Arne og Carlo design, men eg brukar mi oppskrift-så då blir dei ikkje heilt som dei skal. Solveig kjøper garn-eg strikkar. Eg strikkar ofte fleire lestepar i veka, men brukar ikkje å legge dei ut på bloggen.

Klokka er no 19.50, temperaturen er + 12 grader C og vi har rett som det er voldsomme regnbyger. Eg har halde meg inne stort sett i heile går og i heile dag. Men då fekk eg nok. Eg tok meg ein tur i skogen, same ruta som førre veka. Var ikkje godt nok kledd så det vart rett i dusjen då eg kom heim, var våt til skinnet likevel, og måtte skifte kvart eit klesplagg. Men viss eg ikkje blir verre i kneet av turen, så gjorde den godt for sinn og skinn.
Eg blir så lei av å gå inne i regnvêret ! I dag shina eg opp kjøkkenet, og så laga eg potetbåtar av dei potetene som var att. Eg vil ikkje seie at det vart så veldig vellykka. Trur eg hadde for sterk varme og let dei stå for lenge i omnen. Men eg åt i alle fall middag-karbonadar og potetbåtar. Torsdag skal eg truleg lage middag til Margrete, Erlend og Håkon (kameraten til Erlend) og meg sjølv. Det blir ei utfordring.
I dag har eg sete mykje og strikka mens eg har høyrt på lydbok. Det var opphald ei lita stund, då var eg ned og tok opp poteter og planta solbærbusken eg kjøpte på Eid.Plukka også epla som hadde falle ned. Dei blå plommene heng på treet og rotnar, for eg når ikkje opp. Kunne ha rista dei ned-viss det hadde vore tørrare på marka.
Måndagane plar eg starte plenslåtten, det kunne eg ha gjort i dag også, der er gras nok, men ingen kan klippe så vått som det er no.
I dag har eg snakka med ein mann. Eg trefte han oppe i skogen, han var ute og lufta hunden sin. Og folk med hund kjem ein alltid i prat med, det veit eg frå den tida eg lufta hund sjølv.
No skal eg skjere meg ei tjukk og god skive av brødet eg baka i går, og ta meg ein kaffiskvett attåt. Og så blir det vel TV og strikketøy igjen. No er det ny Arne og Carlo design så får vi sjå korleis det blir. Det er litt spennande med ferdigmønstra garn.
I desse dagar er det 60 år sidan eg steig i land i Trovågen for første gong.

Ingen kommentarer:

DAGBOK 2024: 19. APRIL

  Dette bildet er eit par veker gammalt, eg har ikkje fått orden på bildebruken enno. Klokka er no 17.20, temperaturen ute er+8 grader, det ...