torsdag, september 16, 2010

Vermelding 16.september 2010

Klokka er 13.15. Temperaturen er + 14 grader C, og akkurat no er det opplett. Sola har så vidt vore framme også. Som de ser har den 3. og siste av solsikkene også fått blomst, men dei er litt pjuskete og våte alle tre.
Nils har brukt føremiddagen, så langt, til å sjå over krabbeteiner etc.Det er vel snart tid for krabbefiske, og Hassan gler seg nok til det.Han likar krabbe, han også.  Hummarfisket startar ikkje før 1.okt.
Eg har starta helgevasken, deler det på to dagar, vask i dag, støvsuging i morgon. Viss eg ikkje får eit anfall av energi seinare i dag.
Til middag skal Nils koke salta kveitehaud etc. Er litt spent på den retten. Eg er vanligvis altetande, men der er visse grenser.
I dag er det fødselsdagen til den einaste av kusinene mine  som eg har kontakt med, så eg vil nytte høvet og gratulere Ellen- Marie med 72-årsdagen i dag.Håper du får ein fin dag i lag med barn og barnebarn!

1 kommentar:

solveig sa...

Her har det letta, og eg er letta. Vi fekk på Håkon oljehyre før han for. Ein veit ikkje kor gode dei moderne regnkleda er før ein har prøvd dei, og i natt og i dag tidleg høljregna det. No ser det ut at dei skal få ein fin fjelltur i kveld, og at det kan bli relativt triveleg i natt.

Dagbok 2024: 24.april

                           Eg gjekk ein runde på Vernet før eg for på møte. Klokka er no 18.04, temperaturen ute er + 7 grader, sola skin no...