onsdag, september 15, 2010

Vermelding 15.september 2010

Klokka er alt blitt 17.30, men eg føler at dagen nettopp har begynt. Er litt vrangsøvde her i pensjo -heimen; seint i seng og seint opp att. Ute er det surt, grått og regn, og lite teikn til betring. Temperaturen er + 9 -10 grader C.
Amanda har vor på ballett i dag også, så Margrete og dei to minste kom hit i etter middag. Ungane skal vere her mens Margrete er på teater og ser Liv Ullmann i Lang dags ferd mot natt.
Akkurat no er Amanda godt i gang med leksene ved kjøkkenbordet, ho er pliktoppfyllande og flink.
Erlend er også flink, men når han er her hos oss fristar den stasjonære datamaskina med stor skjerm -så då blir det dataspel med han. Fredelige og greie er dei begge to, så det er inga sak å "passe " dei. Nils har fyrt godt i omnen så vi kosar oss inne.
Var ein liten tur nedover og handla i dag, og eg var innom biblio og fekk meg tak i ei ny bok. Derfor måtte eg lese ferdig den eg heldt på med først. Ja, ja, vi er priviligerte vi pensjonistane som slepp å stresse.TID er ein ressurs!

2 kommentarer:

solveig sa...

Håkon skal på overnattingstur i fjellet i morgon til fredag. Den andre klassa var for ei veke sidan. No skal ikkje eg klage på veret på to dagar.

arieldog sa...

Tusen takk for barnepass - vart "lang ferd mot natt", men no er alle i seng :)

Det er berre ei lita stund sidan eg tok dette bildet. No ser det ut til at vi skal få skikkeleg fint ver igjen, slik vi hadde søndag for ei ...