fredag, september 24, 2010

Singin` in the rain ?


Eg har før skrive om regnklede-butikken her i Ørsta. I dag "sneik" eg meg inn i butikken og tok nokre bilde.Støvlane er av merket Ilse Jacobsen.Dei finst i både høge og lave modellar.Dei har mykje meir i butikken enn det som eg viser her. Butikken ligg rett over gata for "Fru Svendsen" -kaféen i det gamle huset.


Posted by Picasa

7 kommentarer:

Hildegard sa...

Artig butikk. Kjekt i dag når det letta og tørka opp i litt vind - ikkje regn her i dag. Besten tok ein runde med plenklypparen, trist å sjå kor uteblomstrane syng på siste verset.

solveig sa...

Bra du driv research! Det er lave Ilse Jacobsen eg er ute etter ...

Besta sa...

Eg vil gjerne trekke folk til bygda, veit du. Og regnver har vi mykje av, så det kan vere aktuelt for fleire å oppdatere seg på regnklede.

solveig sa...

Ein kollega av meg seier det finst lave, fora. Ser for meg slapseføre fram mot jul. Slike dagar då støvlettar lek ...

Besta sa...

Såg at eg hadde lagt inn bilda slik at heile "veggen" kom med. Heilt tilfeldig vart det rett.

STRIKKEMOR(O) sa...

Eit herleg syn! Her blir det vanskeleg å bestemme seg. Eg vil også ha lave.

Besta sa...

Trur at dette innlegget om regnklede + mitt kjøp av paraply har lokka fram sola. Så LØP OG KJØP !

Dagbok 2024: 26.april

Klokka er no 16.30, temperaturen ute er +8 grader og no skin sola mellom skyene. Det er berre ei lita stund sidan eg kom att frå turen på Ve...