I dag har eg sett denne filmen på DVD. Eg er alltid skeptisk til å sjå filmen etter å ha lese boka, men eg tok sjansen på denne. Filmen var fin den, og det meste stemte med det eg hadde sett føre meg. Det er berre det at filmen varer ca 1 1/2 time, mens lydboka varer i mange timar, slik at ein blir mykje betre kjend med personar miljø osv. Konklusjonen er at filmen er fin, men boka er betre. Filmen egna seg som ein slags repetisjon. Eg sluttar aldri å forundre meg over denne boka, at det går an å skrive ei heil bok om menneske som er snille mot kvarandre, hjelper kvarandre og finn løysingar på problema. Det er nesten for godt til å vere sant.(Og så er det vel fiksjon også.)
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagbok 2026: 15.juli
Klokka er no 19.43, temperaturen ute er + 21 graderC. Sola skin som ho har gjort i heile dag, men tidleg på morgonen trur eg det hadde reg...
-
Klokka har passert 20.00. Vêret er som før, klårt og kaldt. Akkurat no er temperaturen minus 13 grader C. Jupiter er stor og klar i aust. ...
-
No har vi rikelig makrell til oss sjølve, enda om diverse naboar har fått sitt. Makrellen kan vi steike, men best likar vi den kald, kokt me...

3 kommentarer:
Kjekt at du likte den - eg får låne den ein gong til, så eg får sett den sjølv. Utruleg korleis nokon kan skrive spennande bøker nesten utan dramatikk, medan andre skriv kjedelege bøker spekkfulle med dramatisk handling...
Eg likte ikkje boka og synest at filmen var veldig lik boka, berre at filmen var passeleg lang.
Her er eg som vanlig heilt på linje med Margrete. Men det er merkelig med Anna Gavalda, anten elskar ein eller så hatar ein bøkene hennar.
Legg inn en kommentar