onsdag, september 23, 2020
Dagbok 2020: 23.september
Klokka er no 16.45, temperaturen er + 13 grader C, no skin sola, men i dag morgon regna det. Dagen starta med at Solveig ringde til meg klokka 7, etter avtale, sidan eg ikkje har vekkarklokke.
Eg hadde god tid før eg skulle vere nede hos Eli kl.8.50
Vi hadde også god tid i Ulsteinvik før kurset starta kl.10. Dei andre gongane eg har vore på "Høstkonferanse" har vi halde til på Folkehøgskulen, der som det var hotell før, men denne gongen var vi på hotellet midt nede i byen.
Dei som heldt kurset var alle frå Nord-Møre, og eg er ikkje så veldig fan av dialekten deira. Men dei hadde bra mikrofonutstyr så eg trur eg fekk med meg det meste. Vi hadde fleire korte pausar, og ei lengre lunsjpause, då fekk vi mat. Vi forsynte os sjølve. Varmretten var kylling med ris og grønsaker. Eg angra litt på at eg ikkje forsynte meg meir. Dessert var kaker, bær og krem. Eg sat i lag med fire damer som eg ikkje kjente frå før, det viste seg at to av dei hadde budd i Ørsta.
På bildet ser de kva vi fekk i premie. Viss de lurer på den kvite kula, så er der eit regnskydd inni. Det raude hjertet skal ei ha å knipe på for å trene handa og fingrane.Det gule brettet er til å skrape is av ruta med.
Det er mykje å absorbere av tekst og prat slike dagar. Heldigvis er Eli flinkare til slikt enn eg.Og det var ho som køyrde. Ja, så er eg ferdig med dette, og i morgon er det spansk på hotellet. Det tek no ikkje heile dagen.
Eg tok på meg den blå kofta i dag, eg var litt i tvil -kanskje den blei for varm. Men slett ikkje, faktisk vart eg litt frostig etter kvart. No skal eg ned i hagen og sjå om eg finn meg ei saftig Victoriaplomme. Der er ikkje mange.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Klokka er no 17.16, temperaturen ute er minus 2 grader, før i dag har vi hatt varmegrader og berre vegar. Eg var på trening i dag og etter ...
-
No har vi rikelig makrell til oss sjølve, enda om diverse naboar har fått sitt. Makrellen kan vi steike, men best likar vi den kald, kokt me...
-
Klokka er no 17.18, temperaturen ute er + 4 grader det er nokre snøflukser på veg ned, men det har ikkje snødd så veldig mykje i dag. Naboen...


Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar