Klokka er 18.30, og det er så vidt åt og skymest ute.Temperaturen er + 9 grader C. Dagen i dag har gått fort, som dei fleste andre dagar. Vêret er udramatisk, verken sol, regn eller nedbør.Men ganske fint!
I dag har eg vore husmor. Sidan Nils skulle på møte i Eldrerådet klokka 13.00, fann eg ut at eg like godt kunne ta helgavasken i dag, så er eg fri resten av veka, om vi skulle finne på noko. Eg vaska og støvsuga til den store gullmedalje, før eg la meg på sofaen og las i boka mi. Sidan eg las på papir somna eg ikkje. Nils kom att. "Har du vore ute og gått tur?" Ja, SÆRLIG!
Sidan eg hadde vore aktiv før middag, var det rett og riktig at han laga middag. Kokt lyr med poteter og gulrot. Forresten så tiltrur han meg ikkje å koke fisk. Heilt greitt det ! Maten var god,den. Og så las eg ut boka mens han kvilte før vi drakk kaffi.
Og slik går no dagan!
I dag ringde dei frå biblioteket, no hadde dei ei lydbok til meg .Krim, til ei forandring.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Klokka er no 17.16, temperaturen ute er minus 2 grader, før i dag har vi hatt varmegrader og berre vegar. Eg var på trening i dag og etter ...
-
No har vi rikelig makrell til oss sjølve, enda om diverse naboar har fått sitt. Makrellen kan vi steike, men best likar vi den kald, kokt me...
-
Klokka er no 17.18, temperaturen ute er + 4 grader det er nokre snøflukser på veg ned, men det har ikkje snødd så veldig mykje i dag. Naboen...
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar