TV-programleiaren Allis Hagtorn forlèt mann og jobb etter ei offentleg sexskandale og byrjar som hushjelp for Sigurd Bagge, ein mann i førtiåra. Ho skal servere han tre måltid dagleg, halde orden i hagen og elles la han vere i fred. Allis går frå å vere på alles lepper til å bli heilt anonym. Til å begynne med omfamnar Allis den nye situasjonen som ei mulegheit til å starte på ny, men det tar ikkje lang tid før fascinasjonen for Sigurd Bagge dominerer livet hennar. Etter kvart som dei kjem nærare kvarandre, blir det avgjerande spørsmålet: Kven er Sigurd Bagge, og kva vil han med Allis?
I eit avsidesliggande hus ved havet har to menneske søkt eksil. Begge har ein løyndom og eit ønske om å sone. Den eine ber på skam, den andre skuld. Kva må til for å kunne starte på ny?
..............................................................................................................
Eg las heile denne boka i går ettermiddag og kveld. det gikk fint, for den er på berre 200 sider. Som de forstår las eg den på papir. Eg likar veldig godt å lese korte bøker i papirutgåve, det tek mindre tid enn å høyre lydbokversjonen, og leseopplevinga blir meir intens. Denne boka har kanskje ikkje så mykje handling, men der er ein "nerve" i den som gjer at ein berre MÅ lese vidare. Her er ein god del symbolikk, som eg har å grunde vidare på. God bok. Vel verd å lese. Margrete har skrive om den på bloggen sin.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Det er berre ei lita stund sidan eg tok dette bildet. No ser det ut til at vi skal få skikkeleg fint ver igjen, slik vi hadde søndag for ei ...

-
No har vi rikelig makrell til oss sjølve, enda om diverse naboar har fått sitt. Makrellen kan vi steike, men best likar vi den kald, kokt me...
-
Klokka er no16.42, temperaturen ute er +24 grader, Det har vore ein fin dag, og den vart finare etter kvart. Bildet over tok eg på føremidda...
2 kommentarer:
Dette er ein av dei beste lesaropplevingane mine på lang tid!
Samme her! Så vanvittig "spennande" at den var heilt umulig å legge frå seg.
Legg inn en kommentar