fredag, mars 14, 2014

Dagbok 2014: 14.mars


Klokka er snart halv seks, temperaturen ute er + 3 grader C, og vêret blir meir og meir guffent. Dei to bilda over er tatt med 2-3 timars mellomrom. I dag har vi vore heime heile dagen og har ikkje gjort så mykje, derfor er det interessant å følge med i det som skjer i nabolaget. Dei to bilda er nokså like, men kven kan "finne feilen"? Ja, vêret har forverra seg, men det er ein skilnad i tillegg.
I eit anna hus har dei hatt besøk av Gjenbruk som fylte bilen med møblar, der er det generasjonsskifte.Og vi kan følge med når vi drikk kaffi ved kjøkkenbordet. Det er då er lurer på om vi har litt for god tid.
Dette sure, våte vêret gjer at eg misser piffen, for no var eg eigentlig godt i gang med våronn både ute og inne.
I dag har eg vore så syndig at eg har lese lydbok på høglys dag, mens Nils var ein tur ut og såg til båten, det var nokre skruar som skulle skiftast.Hadde det vore finevêr hadde eg vore med.
No har eg skrive relativt mykje om ingen ting, så då står det berre att å ønske alle ei god helg.

2 kommentarer:

Hildegard sa...

Grana ved det raude huset er vekk på eine bildet.

Besta sa...

Ikkje berre ei gran, men fleire vart felte hos naboen i går. Trur det var faren frå Kjøllesdalen, Ervikseter, som var med og saga.Granene høyrde til det kvite huset rett nedanfor oss.

DAGBOK 2024: 19. APRIL

  Dette bildet er eit par veker gammalt, eg har ikkje fått orden på bildebruken enno. Klokka er no 17.20, temperaturen ute er+8 grader, det ...