torsdag, mars 13, 2014

Dagbok 2014: 13.mars

Klokka er seks (18.00) og temperaturen ute er 6,6 grader C. Det har vore grått og vått i heile dag, og sidan det har blæse litt, virkar det kaldt og hustre. Sjølv om vi har hatt mykje fint vêr i vinter, har vi hadde lite sol. Ikkje som i fjor då sola skein heile vinterhalvåret-sjølv om det var bitande kaldt. Ja, det er store variasjonar i vêret på våre kantar.
I går gjorde eg unna mykje husarbeid, så eg tenkte vi kunne finne på noko i dag, men då eg såg kor ufyselig det var ute, hadde eg ikkje lyst til noko. Ein tur på Amfi vart det rett nok, og på biblioteket, der eg endelig fekk meg ei ny lydbok.
Nils spurde om vi skulle reise til Volda og ete kinamat, og det var ikkje nei i min munn. I dag ville vi ha kylling i peanøttsaus, det var det eg hadde tenkt å lage sjølv i dag, men "Kinadama" advarte oss. "Det er sterkt", sa ho. Vi bedyra at vi hadde ete det før og at vi likte det, og bestilte to porsjonar av nr.94. "Dokke tok nr.93 sist dokke var her," sa ho.( Ho hugsar alltid kva vi har ete før. Men sist vi var det var ikkje HO der). Maten var god og sterk slik vi likar den, førre gongen vi åt nr.94 var den ikkje sterk nok. Då vi kom heim, fann eg bringebær i frysaren som vi åt med vaniljekesam til, det vart kaffimaten.
Så rippa eg lydboka eg lånte i dag, mens eg las ut den vesle ungdomsboka eg har skrive om. No har Nils fått på TV-en med noko sportsmas, så eg trur eg set meg inn på "kontoret" og festar trådar.(Og høyrer lydbok).

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 16.april

  Dette bildet er frå i fjor, men trappa ser likeins ut i dag og eg har gått dei 43 trinna i dag også. Klokka er no 16.04, temperaturen er +...