Klokka er18.45, temperaturen er + 7 grader C , det er overskya, og nokre få regndropar av og til. Tidlegare i dag bles det, men no er det stilt.
Nils og eg har nettopp gått ein times tur i nærområdet, var litt seine med å kome oss ut i finevêret som var tidligare på dag.
Det har ikkje skjedd så mykje i dag, Nils vaska litt på båten f.m. mens eg rydda litt i huset, og så var vi nedover og kjøpte det vi gløymde i går. Og eg var innom biblio.
Til middag i dag vart det fiskekaker frå frysaren, og etter at vi hadde ete sette eg meg til å rippe boka eg hadde lånt mens eg las ferdig "Hvit panter" og strikka langsmed.
Eg har mange prosjekt som står på vent, men kjem liksom ikkje i gang med noko. Slike prosjekt har det med å bli verande, så eg risikerer ikkje så mykje. Og neste veke er det meldt sol kvar dag! Viss det slår til må vi nyte dagane ute.Det er ikkje mykje snø att no, berre små klattar her og der.
Naboane for på konsert, men vi blir heime. Her er det noko ein kan gå på kvar dag om vi vil, så det manglar ikkje på tilbod. Likevel blir vi sittande heime og sjå TV. Og det er vel også lov?
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Klokka er no 17.16, temperaturen ute er minus 2 grader, før i dag har vi hatt varmegrader og berre vegar. Eg var på trening i dag og etter ...
-
No har vi rikelig makrell til oss sjølve, enda om diverse naboar har fått sitt. Makrellen kan vi steike, men best likar vi den kald, kokt me...
-
Klokka er no 17.18, temperaturen ute er + 4 grader det er nokre snøflukser på veg ned, men det har ikkje snødd så veldig mykje i dag. Naboen...
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar