torsdag, mars 20, 2014

Dagbok 2014: 20 mars.


Klokka har passert 17.30, temperaturen ute er +4,6  grader C og det regnar. Freistar ikkje å gå ut, så eg stakk så vidt kamera ut altandøra og knipsa eit bilde før det mørknar. Dette vêret likar eg ikkje. Likar ikkje å gå ute i regnet, så det har vore enda ein innedag. Skulle ut og gå tur i går, men då var det brått mørkt. Det er slikt som kan skje når ein får litt datatrøbbel, då går tida fortare enn berekna.
Det vart ikkje til at Nils fekk ta opp båten i dag heller. Men i morgon skal det skje. Han har avtalt med reparatør. Ja,ja, så går vel den dagen.
I dag var eg relativt flittig før middag. Fekk vaska og støvsuga til helga, skrive referat frå møtet sist onsdag og så steikte eg sei til middag. Vaskemaskina har også jobba på, og trommelen; ikkje råd å tørke klede ute i dette vêret. No skal eg legge i hop kleda. Elles har eg lese litt i lydboka mi. Latmannsliv ! 
No håper eg ar mildvêret varer så lenge at snøen blir heilt borte, så vi kan starte med hagearbeid når det lettar opp.Vi var i grunnen godt i gang før snøfallet kom. Forresten likar eg snø-men berre om vinteren.
I dag kan vi gratulere Ivar med dagen. Han er som vanlig to år eldre enn eg.

1 kommentar:

solveig sa...

I dag var det rett og slett ikkje freistande å gå heim att. Her er skikkeleg vått!

DAGBOK 2024: 19. APRIL

  Dette bildet er eit par veker gammalt, eg har ikkje fått orden på bildebruken enno. Klokka er no 17.20, temperaturen ute er+8 grader, det ...