mandag, juli 19, 2021
Dagbok 2021:19.juli
Klokka er no 20.40, temperaturen ute er+ 14 grader. Det er overskya, opplett og litt vind. Eg kom nettopp att frå ein snartur på Vernet, var ikkje vekke stort meir enn 40 minutt, for eg trefte ikkje så mange å snakke med i kveld.
Denne dagen har vore litt annleis enn dagane mine plar vere. Margrete og dei to jentene hennar ville komme på kaffibesøk-det er kjekt at dei seier ifrå på førehand slik at eg er klar med kaffi etc. når dei kjem.I dag køyrde eg ned på butikken og skulle kjøpe jordbær til ei lita kake. Då fann eg ferdige kakebotnar til 15 kr. så det vart ei lettvint kake, fylt med krem+jordbær og rips.Laga også ei vaffelrøre, men venta med steikinga til det ikkje var så lenge før dei skulle komme.Dekka bordet etc.-likar å gjere alt klart før gjestane kjem, slik at eg kan få slappe av og prate med dei. Heldigvis var dei litt svoltne, såpass eg slepp å ete gamle vaflar i dagevis. Vi hadde som vanleg mykje å prate om så tida gjekk fort. Etter dei var reiste og eg hadde rydda opp, såg eg Dagsrevyen før eg tok turen ut. Når eg ikkje jobbar i hagen blir det litt for mykje stillesitting med meg, så eg må i det minste ta ein runde på Vernet.Kva eg skal gjere i morgon veit eg ikkje enno, men det dukkar vel opp eit kvart. Vermeldingane er ikkje så dårlege, men heller ikkje strålande.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagbok 20 24: 3.mai
Klokka er no18.30, temperaturen ute er + 20 grader. Det har vore ein strålande dag, med sol frå klar himmel. Eg har vore her åleine heile d...
-
No har vi rikelig makrell til oss sjølve, enda om diverse naboar har fått sitt. Makrellen kan vi steike, men best likar vi den kald, kokt me...
-
Klokka er 17.15, temperaturen i skyggen er + 9 grader, men her i stova må det vere nærmare 30 grader når sola skin inn glasa. I dag var...
-
Klokka slo akkurat fem (17.00), ute er det regn og grått og + 9 grader C. I dag har eg vore i full aktivitet heile dagen, noko som er helle...
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar