torsdag, juli 15, 2021
Dagbok 2021: 15.juli
KLokka er no17.20, temperaturen er + 18 grader, det er skya og det blæs. Ikkje den sommartemperaturen som vi hadde i går, altså.
Eg har nettopp vore ute og mosjonert(gått) i over ein time. Gjekk først 1,5 rundar på Vernet og så gjekk eg opp på Storebakken og gjekk sikk-sakk nedover til starevegen. Eg kom til å tenke på at Vallabøen var utbyggingsområdet då vi kom til Ørsta.Nokre år seinare bygde dei eit felt på Ose for Rystefeltet vart bebygt. Seinare kom Mosmarka som snart er fullbooka. Tre drabantbyar i vår tid, men folketalet har ikkje auka så mykje.
I dag var det vått då eg stod opp, så det vart å finne seg arbeid inne. Det var lett, eg tok fram støvsugaren og støvsuga alle teppegolva. Etterpå gjekk eg ut og jobba i hagen. Reinska litt i bed, klipte litt her og der før eg gjekk laus på det som eg ikkje har tatt før i år, nemleg arealet som de ser på bilde. Ein av grunnane til at der ikkje har blitt gjort noko er at eg ikkje har kunna bestemme meg for om eg skal kjøpe meir bork og legge mellom plantane, eller om eg skal rive vekk duken og legge der mold. Eg er ikkje blitt einig med meg sjølv enno. Når eg puslar i hagen finn eg både jordbær og bringebær, men ikkje så mykje enno. Ripsen held på å bli raud og stikkelsbæra har fått litt farge.Eg synest det er kjekt å ha litt bær å ete på-og sylte viss der blir noko til overs. Det ser ut til å bli bra med solbær i år også. Elles skjer det ikkje mykje.Har ikkje snakka med Marit i dag -anna enn på Messenger. Ho skal vere med Janne og familien på hytta deira i morgon. Dei skal ha med seg den vesle hunden, slik at ho skal bli kjent på hytta også. Eg skal passe Lollo.I dag laga eg meg altfor god middag, eg steikte ørret og kokte poteter og hadde rå grønsaker til. Eg åt meg litt for mett, ikkje kvar dag eg har så god mat. Eg må handle inn mat før helga i alle fall, sjølv om eg har diverse på lur, så er det alltid noko som manglar. Vis det blir tørt nok i morgon må eg klippe plen, viss ikkje må eg utsette det til laurdag eller over helga. Eg trur ikkje graset veks så veldig mykje no framover.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Det er berre ei lita stund sidan eg tok dette bildet. No ser det ut til at vi skal få skikkeleg fint ver igjen, slik vi hadde søndag for ei ...

-
No har vi rikelig makrell til oss sjølve, enda om diverse naboar har fått sitt. Makrellen kan vi steike, men best likar vi den kald, kokt me...
-
Klokka er no16.42, temperaturen ute er +24 grader, Det har vore ein fin dag, og den vart finare etter kvart. Bildet over tok eg på føremidda...
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar