fredag, januar 12, 2018

Dagbok 2018: 12. januar.



Desse bilda er tatt i dag klokka 12.00. Sola kryp stadig lenger nedetter fjellsidene, og neste veke skal ho kome til oss, og vêret  held seg fint.

Klokka er no 22.15. Temperaturen er minus 3 grader og vêret er fint. Eg kom nyss heim att frå Ørstaheimen, brukte ikkje lang tid på heimturen i kveld, for då eg kom ned på vegen var det ein som stoppa og spurde om eg ville sitte på heim; eg kjende ikkje mannen med det samme, men tok sjansen. Det var ein av nærmaste naboane, men det er første gongen eg har sete på med han. Dermed gjekk eg glipp av kveldstrimmen, men det var godt å kome heim i ein fart sidan eg var litt seint ute. Vart verande på heimen litt lengre enn vanleg av ymse grunnar.
Nils ringde heim på føremiddagen, då var han i kjempehumør.  Då eg kom ut til han i 16.-tida var han meir laber; men han åt opp all middagen sin og virka OK. Håkon kom innom ein tur og det var no kjekt. Etterpå sovna Nils og sov ei god stund. Og då han vakna var han ikkje i form. Men han kom seg til etter kvart, så vi kosa oss med opptil fleire TV-program i lag. Eg gjekk frå Heimen kl.22.10, men heimturen vart ikkje lang.
No har eg fyrt i omnen og skal ete og kose meg litt åleine.
I dag før middag fekk eg vaska bad og kjøkken, så denne veka vart det fredagsvask.
Så hadde eg ei kofte som eg strikka til meg sjølv før Nils flytta. Solveig hadde lova å montere den, men det mangla litt på at den var ferdigstrikka. Så i dag tok eg meg på tak og gjorde det eg skulle. Sat og strikka midt på blanke føremiddagen, med lydbok på datamaskina. Heilt til det var på tide å besøke Nils. 
Dagane mine er nokså programmerte men eg har nokre timar til eigen disposisjon når Nils er på Heimen, det hadde eg ikkje då han var heime. Men så hjelpelaus som han er no er det ikkje råd for meg å ta vare på han her, sjølv om eg gjerne ville det.
Så ønsker eg alle ei god helg!

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 24.april

                           Eg gjekk ein runde på Vernet før eg for på møte. Klokka er no 18.04, temperaturen ute er + 7 grader, sola skin no...