No har eg vore på mitt første møte i Ørsta pensjonistlag, og i dag hadde eg den gleda å vere yngstemann om bord. Det seier vel meir om gjennomsnittsalderen på medlemmene enn om min alder. Nils blei også med, sidan han likevel måtte køyre meg ned. Møtet varte frå kl.16.00-ca kl.19.
Eg blei veldig godt motteken av alle som var der-glade som dei sikkert var for at nokon vil ta på seg å vere sekretær. Vi heldt til på Bakk-Ola (eldresenter) og møtesalen var ganske full. Programmet var nokså greitt: Bjørn Holum var der og orienterte om den nye digitale kinoen, og lodda stemninga for "seniorkino" -ei sak som eg hadde tenkt å ta opp når eg kom i styret.Ein av dei andre pensjonistane spurde om det var mulig å få litt mindre lyd ev.-eit spørsmål som eg hadde på tunga.
Børre Lødemel, ein lokal trubadur, song og spela både vel og lenge, og pensjonistane song med. Der var spesielle songbøker med "grove ord", som ho sa kjerringa. Serveringa var karbonadar+ bløtkake, og til slutt var vi ein gjeng kjerringar som rydda all oppvasken ut på kjøkkenet og skylte den. Alle mannfolka var vekk-med unntak av Nils som måtte vente på meg. Eg kunne fått reist på to-dagarsmøte 23.-24.mars, men dessverre har eg ein avtale den 23. Ein ting såg eg klårt:Viss dei vil ha nye og yngre medlemmer, må dei nok legge om stilen litt. Eg trefte att folk som eg har kjent, men ikkje sett på lenge, og det var no kjekt.
3 kommentarer:
Kjekt at dei tok opp aktuelle saker!
Ja, det med kinoen trudde eg skulle bli mitt første forslag til saker......No må eg finne på noko anna "gale". Sa det til Hilde (Rebbestad) at viss dei vil ha inn nye og yngre medlemmer, må dei finne på noko "nytt".
Gratulerer med nytt verv. Bra det kjem med ungdommelige pensjonistar som kan tenke nytt.
Legg inn en kommentar