søndag, februar 27, 2011

Vermelding 27.februar - 2011

Klokka er 14.45. Temperaturen ute er +4 grader C, det er overskya og opphaldsver. Snøen og isen smeltar så smått, men det er mykje som kjem fram når snøen forsvinner. Då den første snøen kom 20 oktober i fjor, stod plommetrea med fullt lauv og ingen ting var rydda i hagen, så eg tippar det ser fælt ut under snøen,ja.
No har vi nettopp ete middag, i dag blei det spaghetti og kjøttsaus. Kjøttsausen laga eg heilt frå botnen av, og den blei veldig god. Eg brukar aldri oppskrift, men tek det eg har tilgjengelig. Blant anna synest eg soltørka tomatar er eit must. I dag opna eg ein ny pakke, og måtte sjølvsagt maule litt. Då viste det seg at tomatane smaka søtt, ikkje salt. Eg hadde ikkje lagt merke til at det stod "Sweet tomatoes" på pakken. Men dei var altså eventyrlig gode, både åleine og i kjøttsausen. Elles hadde eg i:  Sjalottløk, kvitløk, paprika, sopp og tomatpuré. Ja også kjøttdeig naturligvis og diverse krydder.Og så brukar vi sjølvsagt grov spaghetti, litt fornuft må det vere.
Vi er ikkje så strenge på kva som er kvardagsmat og kva vi et på søndagar. Vi kan gjerne ha "søndagsmiddag" midt i veka.
Fjernsynet står på, og Nils ser sport innimellom. Eg les i boka mi, og synest det er greitt nok å få vite kven som tek medaljane.
Kjøpt på Coop.

3 kommentarer:

solveig sa...

Hmm... du skulle hatt bilde av den pakken med soltørka tomatar. Kva merke? Kva butikk?

Bjørg sa...

Eg fekk lyst å prøve den spaghettien med kjøttsaus. Så eg må tilstå at eg har kopiert oppskrifta.

solveig sa...

Der var tomatane, ja. Meiner eg har sett posen på Coop her og.

Dagbok 2024: torsdag18.april

   Det er nokre år sidan dette bildet vart tatt på Hareid, med alle barnebarna i samme sofa Klokka er no16.56, temperaturen ute er + 10 grad...