Klokka er 19.00, temperaturen ute + 5 grader C, og no regnar det. Dessverre fekk vi ikkje beholde det fine vêret vi hadde i går.
I dag har eg ikkje vore ute. Nesten heile føremiddagen heldt eg til på kjøkkenet. Eg laga ein kakebotn, laga middag og vaska nokre skuffer og skap innimellom.
Rasmus ringde, han skal opererast på torsdag førstkomande.
Margrete og Erlend kom klokka 15.30, og då åt vi middag. I dag var det svineribbe og medisterpølser på menyen, ikkje så veldig oppfinnsomt, men det er lett å gripe til det som ligg framme i butikken. I morgon blir det også julemat, dvs. juletallerken i pensjonistlaget.
Eg har eit lite problem for tida, eg er så trøtt. Trur eg kunne sove døgnet rundt. Det er berre om kveldane er er nokonlunde vaken, så det blir ikkje til at eg legg meg tidlig no heller.
No skal eg ta fram strikketøyet igjen, det er enda nokre lestepar att til jul.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagbok 2026: 15.juli
Klokka er no 19.43, temperaturen ute er + 21 graderC. Sola skin som ho har gjort i heile dag, men tidleg på morgonen trur eg det hadde reg...
-
Klokka har passert 20.00. Vêret er som før, klårt og kaldt. Akkurat no er temperaturen minus 13 grader C. Jupiter er stor og klar i aust. ...
-
No har vi rikelig makrell til oss sjølve, enda om diverse naboar har fått sitt. Makrellen kan vi steike, men best likar vi den kald, kokt me...
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar