Klokka er 15.30, temperaturen ute er + 3 grader og vêret er framleis nydelig, slik det har vore det meste av vinteren. Det er så ein kan få lyst å legge seg til bruning på altanen, men temperaturen held ikkje til det.
I dag hadde vi tenkt å gå på ein skogsveg som blir kalla Kanalvegen, men dessverre var der vel mykje snø, så vi køyrde ut til PER-MEK, sette bilen ifrå oss og gjekk Hagevegen utover. (Det er gamlevegen til Ålesund). På Setre er det veldig fint på denne tida av året, trur ikkje nokon andre har så mykje sol som dei der ute. Vi trefte mange vi kjende , så det vart mykje prat. Det er som om alle kjem ut av hiet slike dagar. Eg var ikkje god i hofta, så eg trudde ikkje eg hadde klart å gå så langt, men det gikk betre enn forventa. Då vi kom heim og eg vart ståande ute på vegen og prate med diverse naboar, gikk Nils inn og steikte flesk og egg til lunsj. Middag blir det kanskje ut på kvelden.
Nils ser sport på TV, det gjer ikkje eg, så eg skal ha meg ei stund med lydbok. No har eg berre att ei erm, så er genser nr.2 også ferdig. Så får dei seie ifrå dei som ønsker seg noko- for eksempel ein genser, for no er eg i siget.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagbok 2024: 28. april
Klokka er no 22.10, teperaturen ute er + 10 graderC og vi har hatt fin ver i dag. Den siste snøen som kom i fjella smelta sikkert i dag. Eg...
-
Klokka er 17.15, temperaturen i skyggen er + 9 grader, men her i stova må det vere nærmare 30 grader når sola skin inn glasa. I dag var...
-
No har vi rikelig makrell til oss sjølve, enda om diverse naboar har fått sitt. Makrellen kan vi steike, men best likar vi den kald, kokt me...
-
Klokka slo akkurat fem (17.00), ute er det regn og grått og + 9 grader C. I dag har eg vore i full aktivitet heile dagen, noko som er helle...
5 kommentarer:
Kjekt at du har fått blod på tann både når det gjeld turgåing og strikking. Eg tok fram genseren midt i ferien, så no trur eg at eg skal greie å fullføre begge prosjekta mine!
Om du treff Birgitte Sætre, så hels. Vi gjekk i lag på lærarskulen. Likeeins Lefdal borti vegen, kjem ikkje på namnet. Nydeleg her og i dag. Jostein er ute og fotograferer måne. Ha ei fin veke!
Vi har passa Mira i 4 dagar og eg har vore ute i sola og gått tur med henne kvar dag.Godt for både kropp og sjel.
Eidabesta
Såg så vidt snurten av Birgitte i dag, men snakka ikkje med henne.
Kjem det ikkje genserbilete på bloggen?
Legg inn en kommentar