Klokka nærmar seg 15.00 og middagen er snart ferdig. Det er overskya og minus 1 grad C på trappa vår.
Nils trua med at det var siste dagen med godt sparkføre, så vi bestemte oss for ein tur i Nupen før middag. Eg sparka mens han gikk på føtene. Nypen er siste garden på vegen fram til Vallasetra.
Og kva fann vi då vi kom fram dit? Ein flott sjark langt frå sjø eller vatn. Nils saumfor den nøye og kom til at den var laga av eiketre. Han kunne nok tenkt seg ein slik, ja. Men det er mykje vedlikehald på slike båtar.
Heimvegen gikk forbi huset til ei veninne frå Pensjonistlaget. Ho ropte oss inn og vi fekk både kaffi og ein god prat. Ho er 80 år og sprek som ein fole.Ho fekk sitt 7.oldebarn i går, og hadde bilde av den vesle jenta på iPad-en som ho hadde fått til jul.
Kan ikkje seie anna enn at eg saknar sola. Det vart råkaldt i dag, samanlikna med det å gå tur i solskin. Hadde berre "knipsekamera" med meg i dag. Det har eg i lomma støtt når eg går tur.
No er middagen ferdig.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagbok 2026: 14.juli
Klokka er no18.15, temperaturen ute er +18 graderC og det er sol og litt vind. Vi har hatt ein fin dag. Eg var ikkje heilt i form då eg stod...
-
Klokka har passert 20.00. Vêret er som før, klårt og kaldt. Akkurat no er temperaturen minus 13 grader C. Jupiter er stor og klar i aust. ...
-
No har vi rikelig makrell til oss sjølve, enda om diverse naboar har fått sitt. Makrellen kan vi steike, men best likar vi den kald, kokt me...
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar