tirsdag, juni 07, 2016
Dagbok 2016: 7.juni
Klokka er 19.45, temperaturen er + 12-13 grader C, det er skodde, men opplett.
Det var litt av ein overgang på vêr og temperatur i dag. Før middag var det stilt og ganske mildt. Eg hadde ingen plenar å klippe i dag, med eg hadde eit bed år rense og rydde og litt kantklipping. Så veldig mykje vart det ikkje gjort ute, men eg hadde litt å gjere inne også, så då gjekk føremiddagen.
Etter at vi hadde ete middag, la eg meg på altanen med lydbok og pledd. Somna -og vakna til ganske kald vind.Var snar til å komme meg i hus. Sidan har eg vore inne- og strikka blant anna. Akkurat den stunda vi burde ha vore på FB var vi der ikkje, så klokka var17.30 då vi las at Erlend skulle spele på musikkskulekonsert klokka 17.
Vi plar no møte opp på desse konsertane og det hadde vi nok gjort i dag også. Nils har vore i betre form i dag enn han har vore siste dagane. Håper han er bra i morgon også, for då skal Eirik ha eksamenskonsert. Det er klokka 11.00 på føremiddagen. Konserten tel som munnleg eksamen, sidan han går på musikklinja.
I morgon har dei meldt sol og fint vêr igjen, så eg håper det slår til.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Klokka er no 17.16, temperaturen ute er minus 2 grader, før i dag har vi hatt varmegrader og berre vegar. Eg var på trening i dag og etter ...
-
No har vi rikelig makrell til oss sjølve, enda om diverse naboar har fått sitt. Makrellen kan vi steike, men best likar vi den kald, kokt me...
-
Klokka er no 17.18, temperaturen ute er + 4 grader det er nokre snøflukser på veg ned, men det har ikkje snødd så veldig mykje i dag. Naboen...
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar