fredag, juni 17, 2016

Dagbok 2016: 17.juni

Klokka er 19.15, temperaturen er + 17 grader C og det er skodde langt nedetter fjellsidene.
Det var litt rart å stå opp i dag- til grått vêr utan sol, no når vi var så godt vande. At det hadde regna litt var no berre bra, så slapp eg å vatne. Men det var jammen bra at eg hadde fått beisa rekkverket i går ! Det eg ikkje hadde gjort var å ta inn madrassa på solsenga, første gongen eg har gløymt det i sommar.
Eigentleg passa det meg å få ein "fridag" frå hagestell etc. for eg har litt trøbbel med hofta, og så hadde eg eit par innejobbar. Eg laga fiskekaker av fisken vi fekk i går, det vart tre store middagsporsjonar. Eg er ikkje interessert i å lage mykje fiskekaker i ein gong, for då blir dei gamle i frysaren og då er dei ikkje så gode lenger. Vi hadde første porsjonen i dag.
Så støvsuga eg alle teppegolva, og det er nesten som å klippe plen -og nesten like tungt når eg set den nye støvsugaren på fullt.
Elles har eg ikkje gjort så mykje, berre lese og vore på data, gjort forefallande husarbeid og strikka litt. Men no mot kveld skulle eg ønske det var utevêr. Kosar meg når eg får vere mykje ute.
Nils har sett ein del fotball, men no har han somna i stolen. Han tek seg ein og annan liten blund. Han er med andre ord ikkje heilt i form.
Ser at naboane har fått stillas  opp etter husveggen, men er ikkje sikker på kva dei har tenkt seg til med.
Då står det berre att å ønske alle ei fin helg same kva de finn på !

Amanda er no ferdig med grunnskulen, og skal begynne på vidaregåande til hausten. Det blir nok ein overgang å kome til ein stor skule etter å ha gått på Folkestad skule i 10 år. Men sikkert kjekt og spennande å kome i eit større miljø.Amanda står i første rad som nr. to frå venstre.

Ingen kommentarer: