onsdag, mars 24, 2021
Dagbok 2021: 24.mars
Klokka er no 16.20, det er + 6 grader C ute, og det regnar. I dag har eg halde til på kjøkkenet for det meste, eg har baka og rydda.
I går ettermiddag laga eg ei gulrotkake og hadde tenkt å lage fleire kaker i dag. Men så ville eg heller bake nokre rundstykke/ hamburgerbrød som eg et stort sett et til alle måtid. Og etterpå fann eg ut at eg kunn bake julebrød til påske, så slik vart det. Eg likar best å bake gjærbakst, men det tek litt tid.Innimellom var eg inne og skreiv på handlelista, og då brøda var ferdigsteikte heiv eg meg rundt og køyrde til butikken. Det var mykje eg skulle ha, så eg plukka nesten full korga, og mykje var tungt. Så skal det frå vogna oppå bandet, og så nedatt i korge, og inn i bilen. Det vart mange operasjonar, og då eg kom heim skulle sjølvsagt at på plass. Eg vart sliten i ryggen til slutt, men no har eg no diverse i hus om eg skulle finne på å lage noko. Marit ville ikkje vere med i dag, ho vil handle etter treninga i morgon. Eg kan godt handle då også, for det er sikkert meir eg treng. Akkurat no treng eg ein kopp meg god kaffi og litt attåt-og kanskje blir det litt Netflix også ? Trur ikkje at eg skal gå tur i dag, men akkurat no kom sola fram,så eg får sjå kva ryggen seier etter å ha kvilt seg.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
-
Far i huset ønsker seg eit par skikkelige tova fiskarvottar som kan halde hendene varme i all slags ver. Eg har søkt på nettet etter oppskr...
-
Det er ikkje til å tru, men vi har strålande ver i dag også. Sola skin,det er berre lette skyer på himmelen og temperaturen er minus 3 grade...
-
Klokka er no snart 18.00, temperaturen 10-11 grader C, og det er framleis sol sjølv om det blir meir skyer etter kvart.Sidan eg har tatt b...
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar