lørdag, mars 06, 2021
Dagbok 2021: 6.mars
Klokka er no 16.00, temperaturen er + 3 graderC, det er overskya, skodde og regn-ikkje akkurat slikt vêr eg llikar.
Eg hadde ingen andre planar for dagen i dag enn at eg skulle ein tur på butikken. Men vegen var full av sørpe, så eg tenkte eg skulle vente til einkvan hadde ordna litt opp. I mellomtida fann eg på at eg kunne ta ned alle bilde i alle rom-alle bilde med glas på, og pusse glasa. Det vart gjort og no skin det meir og mindre i kvar ei krå. Eg brukte vinduspuss" og "vindus-skinn". Det kom ingen og rydda vegen, så eg vart nøydd til å køyre i sørpa ned til Kiwi. Det var ikkje så mykje eg skulle ha, men viss eg ikkje fer på butikk om laurdagane, så trur eg det er søndag. Då eg kom heim sende eg melding til Marit, for vi hadde ein avtale om at ho skulle komme ned i dag. Så no har vi drukke kaffi og prata ei heil stund. Hadde det vore betre vêr hadde eg sjølvsagt vore ute og gått tur- men det freistar ikkje å vaspe rundt i våt snø. Planen vidare i dag er å lese ferdig ei bok som eg har halde på med lenge, så skal eg strikke litt og sjå TV. Men eg trur eg må lage noko som liknar på middag først, for eg er litt "saltsjuk". Eg ønsker meg betre vêr, for eg vil så gjerne vere ute, men det er lite eg kan gjere med saka.
Blomstrane frå morsdag er like fine enno.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
-
Far i huset ønsker seg eit par skikkelige tova fiskarvottar som kan halde hendene varme i all slags ver. Eg har søkt på nettet etter oppskr...
-
Det er ikkje til å tru, men vi har strålande ver i dag også. Sola skin,det er berre lette skyer på himmelen og temperaturen er minus 3 grade...
-
Klokka er no snart 18.00, temperaturen 10-11 grader C, og det er framleis sol sjølv om det blir meir skyer etter kvart.Sidan eg har tatt b...


Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar