søndag, desember 27, 2009

Vidare planar for jula.



Dette innnelgget skriv eg på den nye laptoppen.Det er litt uvant, men sidan Rasmus var så omtenksam at han sende ei mus i julegåve , går det bra.Gamlemaskina (2 år) har hatt diverse problem i det siste, så det er godt å ha eit alternativ.I dag fekk eg m.a. ikkje lagt til ver-bilde, for eg fekk ikkje overføre frå kamera til maskin.
Det er godt at vi gamle har noko å skjerpe oss på, slik at vi ikkje sløvest for mykje.No skal vi ta den med oss til overhaling.
Planen vidare i jula er at vi reiser til Kongsberg i morgon. Vi skal prøve å stå opp tidleg, så vi får utnytte dagslyset maksimalt.Det er ein lang køyretur, og det er spennande korleis ver og føretilhøva utviklar seg. Her er det no ca 0 grader og snøbyger, meir vanleg julever enn det vi har hatt hittil.
Eg har brukt føremiddagen til pakking og rydding, og Nils har sine prosjekt,Det er mykje å hugse på når ein skal vere vekke nokre dagar.Eg håper no på at orkideane skal overleve, dei står så fint no og blomstrar for andre eller tredje gong.Eg har prøvd både å klippe heilt ned, klippe halt ned og ikkje klippe i det heile.Men det ender alltid med at dei blir litt for lange i stilken. Har de gode råd?
Laptoppen skal sjølvsagt med på turen.

4 kommentarer:

STRIKKEMOR(O) sa...

Gratulerer med laptop! Eg har flytta mi stasjonære maskin inn i stova, og trivast godt med å ha den så tilgjengeleg. I haust fekk vi kvar vår laptop på jobb som eg kan ta med heim når eg vil. Tidlegare var vi 30 lærarar som delte på fem maskiner, så det var stor overgang å få si eiga maskin.
De får ha ei fortsatt god julefeiring og ein fin tur til Kongsberg!

solveig sa...

Vi fekk berbar for eit par-tre år sidan. Eg gidd ikkje å bere mi, så ho står på arbeidsplassen min. Nokre timar tek eg den med inn i klasserommet. Vi kan og kople den til kanon.

Hildegard sa...

Gratulerer med ny laptop og god tur til Kongsberg!
Etter at Besten byrja med slektsforsking igjen og brukar PCen for studering av bl.a. gamle kyrkjebøker, har eg også tenkt på å få meg ein laptop. Kan vere godt med eit alternativ også når dei to yngste barnebarna vil bruke PCen når dei er på besøk.
Eidabesta

Bjørg sa...

Du vil etterkvart sjå at det er veldig kjekt med berbar PC. Hans og eg har kvar si. Eg må ha mi eiga som eg har full kontroll på. Når vi reiser, har vi dei alltid med. Til Bali hadde vi med ei lita berbar som vi då brukte begge, og eg skreiv dagbok kvar kveld. Og vi kunne sjå bileta våre etterkvart.

DAGBOK 2024: 19. APRIL

  Dette bildet er eit par veker gammalt, eg har ikkje fått orden på bildebruken enno. Klokka er no 17.20, temperaturen ute er+8 grader, det ...