mandag, desember 28, 2009
Turen til Kongsberg.
Vi vakna tidlig i dag og stod opp.Dermed kom vi oss tidlig av garde.Det snødde tett i Ørsta/Volda -området,og også på andre sida av fjorden.Det var ikkje pløgt over Stigedalen,noko som var årsaka til at vi ikkje nådde ferja på Lote, men måtte vente ein knapp halvtime på neste.Det letta etter kvart, men vegane var verken strødde eller salta, så vi måtte køyre forsiktig.På Hemsedalsfjellet var det fint ver, sol og snøføyke. Det vart kaldare etter kvart, på Gol var det minus 16.Vegane vart betre etter kvart,så vi fekk sette opp farten.Vi var framme hos Rasmus &co litt før halv 6.Her har vi fått rikelig både av vått og tørt.Og så vart det ei ekstra julaftan med pakkar frå oss på Møre.Alle tinga fall i smak.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagbok 2026: 22.januar
Eg hadde akkurat lagt inn bildet og skulle sjå ut på termometeret, der stod Helge A. og han kom for å hjelpe meg med den nye printeren. Han ...
-
No har vi rikelig makrell til oss sjølve, enda om diverse naboar har fått sitt. Makrellen kan vi steike, men best likar vi den kald, kokt me...
-
Klokka er no 17.18, temperaturen ute er + 4 grader det er nokre snøflukser på veg ned, men det har ikkje snødd så veldig mykje i dag. Naboen...
3 kommentarer:
Godt de er vel framkomne. Her er det fint vinterver med snø og eit par minusgrader.
Ja, seier det same.
Eg leita opp bloggen din for å sjå om de kom vel over fjellet.
Hels til familien!
Godt at det gjekk bra med turen og at de er vel framme. Takk for sendinga som stod på trappa. Hels Besten og dei andre frå oss.
Her kom snøbygene i tur og orden tidleg på dag i går, men det klarna på kvelden.
Eidabesta
Legg inn en kommentar