fredag, desember 25, 2009

Julegåver jula 2009.


Skulle ha god underhaldning lenge her.Litt for ein kvar smak.



Bestikk som vi samlar på.Krydder. Og tekstilar frå Ekelund.


Lys og serviettar som passar til juleduken stod på ønskelista.


Lys i mørketida blir det aldri for mykje av.


Dette er den finaste kjøkkenkluten eg har sett.


Heimelaga kaker i fint pynta glas.


Julestemning i pensjo-heimen.

Før jul tenkjer eg ikkje særleg på det eg kjem til å få til jul, men er meir oppteken av det vi skal gi. Slik er det vel med dei fleste vaksne. Nils og eg plar ikkje kjøpe julegåver til kvarandre, men i år overraska han meg verkelig, for eg visste ikkje at han hadde kjøpt laptop frå Olaug og Nils til Olaug og Nils! Audun hjelpte oss med å få den i gang, og den virka fint der ute. Her heime kjem vi oss ikkje inn på Internett, men det blir vel ei råd.Her er eit utval av det vi fekk. Eg skriv ikkje kven som har gitt gåvene, i fall ikkje alle ville like det.

3 kommentarer:

arieldog sa...

Fantasien var ikkje på topp i år her i garden, så de får bytte viss de har fått for mykje av sorten. Tusen takk for alle gåver!

solveig sa...

Du må ha passordet til det trådlause nettet ditt!

Besta sa...

Vi har hatt kontakt med Rasmus og då gikk det som ein leik. Eg visste at eg måtte ha passordet, men maskina "spurde" ikkje.No er alt i orden

Dagbok 2024: 15.april

Alt av bilde som eg hadde på PC en er borte vekk, men eg er ikkje heil hjelpelaus, for bildet av blomstane frå i fjor låg ein annan stad på ...