tirsdag, desember 01, 2009

Lysestakar og løperar.


Det har vore så mange fine adventsstakar og lys på bloggane at eg følte meg forplikta til å vise fram stasen vår også. Denne lysestaken er kjøpt for nokre år sidan, og eg er uviss på om det er ekte smijern.Løparen kjøpte eg i fjor; den er fin og glitrande.All denne stasen hamnar i ei kasse eller skuffe når jula er over.Det hender eg tek fram lysestaken elles også, forresten.Den er litt heilårs.
                                  
Solveig etterlyser den gamle adventsløparen som vi har hatt i mange, mange år. I si tid kjøpte eg den på ein butikk her i Ø. og eg hugsar enno prisen:To kroner pr.motiv.
I  mine lærarår hadde eg den på kateteret i adventstida, så den er velbrukt og rett og slett utsliten. I dag prøvde eg å reparere den med symaskin, eit maskineri eg absolutt ikkje beherskar.
Dei siste åra har løparen lagt på kommoden i gangen. Somme ting kan ein ikkje skilje seg av med.

Adventsstemning i Starevegen.

3 kommentarer:

solveig sa...

Kvar er den gamle adventsløparen? Den fine med figurar? Viss den eksisterer må du legge ut bilde av den! ;-)

solveig sa...

Flott at du dokumenterer den!!

Hildegard sa...

Koselege advents-bilder. Eg har bestilt eit nissepar m/lykt av ef. til kusina mi i Kjøde. Er spent på korleis det blir. Skal legge inn bilder når eg har fått dei.
Eidabesta

Det er berre ei lita stund sidan eg tok dette bildet. No ser det ut til at vi skal få skikkeleg fint ver igjen, slik vi hadde søndag for ei ...