onsdag, desember 16, 2009

Bok nr.81: Zahir


Dette er ikkje første boka eg har lese av denne forfattaren, og heller ikkje denne gongen vart eg så veldig gripen av teksten hans. Eg veit at mange er svært begeistra for forfatterskapen til PC, og teksten er på mange måtar vakker,men litt for enkel på ein måte. Litt uklårt kva som er bodskapen hans.
Det er vanskelig å skrive om boka, for her er ikkje  mykje handling.Det er meir som ei filosofering over livet og kjærleiken i vid forstand.Men eg angrar ikkje at eg las den, og har enda ei bok liggande av same forfattaren, så får vi sjå om den engasjerer meir.

3 kommentarer:

Bjørg sa...

Eg har lese Zahir, Det tause huset og Istanbul. Eg synest som du at det er lite handling i Zahir, men noko som gjer at ein les vidare. Istanbul derimot har meir handfast innhald. Om oppveksten hans i denne byen.
Det tause huset er og litt treig, men har handling. Eg var litt nysgjerrig på desse bøkene. Det begynte vel med at vi hadde tenkt å reise til Tyrkia. Vi har ikkje vore der endå.

Bjørg sa...

Eg ser no at eg i farten blandar to forfattarar. Det var han frå Brasil du skreiv om.
Men du har den tyrkiske og der.

Besta sa...

Eg har lagt inn noko som heiter Link Within,då legg maskina til "beslekta" innlegg under hovudinnlegget. Vil du ha noko slikt, er det berre å klikke på orda Link Within under innlegga mine.
Eg likte godt boka Det tause huset frå Tyrkia.Likar å lese bøker frå andre land og miljø.

DAGBOK 2024: 19. APRIL

  Dette bildet er eit par veker gammalt, eg har ikkje fått orden på bildebruken enno. Klokka er no 17.20, temperaturen ute er+8 grader, det ...