Klokka er 20.30, temperaturen er +13 grader C, og i dag har det vore skodde og overskya heile dagen. No i kveld er temperaturen + 13 grader. I dag før middag gjorde eg litt husarbeid mens Nils var hos frisøren. Etterpå var vi ein snartur nedover og handla.
Begge jentene til Margrete var på ballettøving, så Margrete var på denne sida av fjorden med dei tre heimeverande barna.Ho nytta høvet til å få shina opp minstemann på håret. Amanda vart ferdig på balletten før Ingeborg, så mens dei venta på storesysta kom dei hit. Sidan dei hadde lite tid, hadde eg berre steikt nokre pannekaker til dei. Erlend er glad når han får ei datamaskin heilt for seg sjølv.Og då dei reiste heim, fekk Amanda overta; ho skal vere hos oss til i morgon sidan ho skal tidlig på ballettøving. Reknar med at ho kjem til å sove godt, for sist natt låg ho i telt. I morgon er det berre Margrete og eg som stiller som publikum, gutane blir heime med morfaren.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagbok 2026: 5,oktober
Klokka er blitt halv seks på ettermiddagen og eg forstår ikkje kvar tida har gått, eg har stort sett site i ein stol framfor TV-en og strik...
-
Far i huset ønsker seg eit par skikkelige tova fiskarvottar som kan halde hendene varme i all slags ver. Eg har søkt på nettet etter oppskr...
-
Det er ikkje til å tru, men vi har strålande ver i dag også. Sola skin,det er berre lette skyer på himmelen og temperaturen er minus 3 grade...
-
Klokka er no snart 18.00, temperaturen 10-11 grader C, og det er framleis sol sjølv om det blir meir skyer etter kvart.Sidan eg har tatt b...

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar