lørdag, april 18, 2020

Dagbok 2020: 18.april

Klokka er no 18.00.Temperaturen er + 12 grader. Sola skin som ho har gjort i heile dag, den første skikkeleg fine dagen på veldig lenge. 
Det var litt kaldt frå morgonen av så eg vart verande inne ei god stund utover førmiddagen. Men eg fekk gjort litt av kvart på den stunda. Det som stod på planen min i dag, var å rydde jordbæråkeren. Den er ikkje mykje å skryte av, har fått dårleg stell mens eg har vore ansvarleg. Eg hadde tenkt at eg skulle avskaffe heile jordbærdyrkinga og sette poteter i staden. Det vart halvt om halvt- den eine senga til jordbær, i den andre skal eg sette poteter, så der tok eg bort både plantane og duken. Lenger kom eg ikkje i dag. Eg har ikkje samme kapasiteten som eg har hatt dei andre somrane eg har styrt åleine. Det blir 5.sommaren no, at eg skal vere gartnar. No er eg glad for alt eg har gjort før for å forenkle jordbruket. 
Etter at eg var ferdig ute, tok eg meg litt mat før eg la meg ut på solsenga med Storytel. Eg leita etter siste boka til Edvard Hoem, men fann den ikkje, så no har eg begynt på ei ny bok av Tore Renberg. Han les sjølv og han les tydeleg og godt, på Stavangerdialekt eller noko i nærleiken.
No lurer eg på om eg skal farge håret i kveld eller vente til i morgon. Det skal bli fint vêr då også. Det blir kanskje ein biltur?
Eg har tenkt at eg skal bruke pengane eg fekk til 80-årsdagen til å kjøpe møblar på altanen. Ja, eg må nok spytte litt i kassa med oppsparte midlar også. Eirik skal jobbe på Møbelringen i år også, så eg får samrå meg litt med han. 


I dag er det 2 år sidan Nils døde. Øystein og Olaug var ein tur innover og dei har planta på grava.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 16.april

  Dette bildet er frå i fjor, men trappa ser likeins ut i dag og eg har gått dei 43 trinna i dag også. Klokka er no 16.04, temperaturen er +...