torsdag, april 30, 2020

Dagbok 2020: 30.april.

Vikelva ved Vernet

Klokka er o 18.15, temperaturen ute er + 13 grader C og det har vore ein nydeleg dag med blå himmel og sol. Eg får berre takke og ta imot finevêret sjølv om eg hadde planlagt litt regn på gjødsla plen. No får eg finne meg i at eg får brune moseflekkar-det ordnar seg etter kvart. 
I dag var eg ikkje spesielt tidleg oppe, men kom fort i siget. Marit og eg var klar for butikkrunden klokka 10.30. Vi handla på Spar og eg fekk fylt bensin på Shell like ved. I dag handla eg litt meir enn eg har gjort siste tida, slik at eg skal ha litt å by på om einkvan kjem innom.
Då eg kom heim og hadde frå meg varene tok eg like godt ein tur på Vernet med det samme, så var det gjort. Det var enno tidleg dag.
Kugjødselkomposten låg i bilen , eg greidde ikkje å få den ut åleine, med dei svake armane mine. Men i går kom leigebuarane mine tilbake så dei hjelpte meg å losse i dag. Det var kjekt å ha dei tilbake i huset.
Eg tok ein liten runde og prata med naboar før eg vatna litt her og der. Beddet der rosene står var så tørt at molda "sprakk". Eg lyt få reparert vatneslangen, få eit nytt munnstykke på den, for det som er -er heilt øydelagt. Ja, det er mykje som melder seg når hagesesongen kjem. Eg har utsett første plenklipp til laurdag 2.mai. Viss det blir vêr.
Eg begynte på ei interessant bok i går kveld, ei som Margrete anbefalte, den tok eg med på altanen i dag og låg på solsenga og las. I 5-tida ringde det på, og der stod Solveig, Øystein og Olaug. Dei ville ikkje komme inn, dei var her for å følge Olaug på flyet, ho skulle ein tur til Bergen og studiane sine. Ho hadde med gåve til meg - ei eske med sjokolade! (Litt av ein tannlege!) Og så hadde dei med 4 sekker mold så eg skal få fylle på og pynte opp i hagen. Eg har ikkje kjøpt plantar enno, vil vere sikker på at det ikkje kjem snø igjen, slik som i fjor.
Då dei var reiste kokte eg kaffi og kosa meg med sjokoladen min.
I går trudde eg at eg hadde blitt forkjøla, det var falsk alarm. Etter å ha tatt 1 allergitablett var eg frisk som ein fisk. Og det er eg framleis.
Eg plar vere i Volda 1.mai, det er ein lang tradisjon, men i år blir det ikkje noko feiring der heller. Likevel er det meir normale tilstandar no, ingen smitta her i Ørsta og Volda, så eg føler meg relativt trygg. No ser eg at klokka går mot 19.00 og dagsnytt-det er sol og sommar ute.  
Ønsker alle ei god langhelg. Tenkjer t.d.på alle lærarane i familien som kan sleppe å sitte med undervisning på data nokre dagar. 

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 24.april

                           Eg gjekk ein runde på Vernet før eg for på møte. Klokka er no 18.04, temperaturen ute er + 7 grader, sola skin no...