onsdag, april 29, 2020

Dagbok 2020: 29.april

Klokka er no 16.55, temperaruren er + 9 grader, det er nokså skya, og vêrmeldinga sa at vi skulle få regnbyger i dag ; hittil har det vore berre ein og annan drope.
Då eg vakna i dag var eg veldig "forkjøla", sår i halsen og tett i nasen- og i det heile tatt litt medtatt. Eg kjende på panna med handa , men den var heilt kald, så feber hadde eg i alle fall ikkje, og då kunne det ikkje vere Corona-sykja, trøsta eg meg sjølv med. Men eg sende fare-varsel på FB til dei som var truande til å komme på besøk . Bodil svarte at det kunne vere allergi, for ho hadde noko liknande. No er eg ikkje vant til å vere allergisk, men så gjekk det opp eit lys. Eg har tatt allergitablettar i mange år, kvar dag, men slutta i vinter fordi eg ikkje følte eg trong dei. No kom dei fram igjen, og alle symptoma på forkjøling forsvann, i alle fall nesten.
Eg vil framsnakke allergitablettar, eg meiner alle bør ha det i hus. Ein får kjøpt dei utan resept, men då er dei dyre. Eg har resept. Eg såg i fjor sommar, då var vi fleire som fekk stygge kvepsestikk, og då var allergitablettane gode å ha. Eg fekk nokre stikk som var veldig plagsomme, så eg gjekk ned på apoteket og spurde kor mange tablettar eg kunne ta for dag. Og så fekk eg noko salve i tillegg. Så no er eg godt rusta for komande sommar. Eg såg ei diger humle i dag, ho er vel klar til å innta plommetrea når dei kjem i blomst om ikkje lenge.
Eg friskna fort til på føremiddagen, og kom i gang med å "jobbe" . Bytta på senga og vaska soverom, bad og kjøkken. Sette på klesvask og har hengt 1.maskin til tørk på altanen. Til middag hadde eg ein rest frå i går.
La meg på dagsenga ein halv times tid og høyrde bok. Så stod eg opp og vaska håret m.m. og kledde meg litt om. Eg skulle i grunnen ha støvsuga, men det er ein jobb som eg kvider mot for det er vondt for armane. Kanskje eg skulle gå ein tur i staden?- Nei, det vart støvsuging i dag, det er ikkje så ofte no lenger. Eg er her mest åleine, og mykje av tida er eg på datarommet, så eg rotar ikkje så mykje på stova. Fredag er det 1.mai, så då blir det som ein helge-aftan i morgon. Då må eg kanskje handle inn litt.
Vi brukar å vere i Volda 1. mai, men i år blir det nok ikkje noka tilstelning verken her eller der.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 22.april

No er klokka blitt 16.35 utan at det har hendt så mykje. Det mest dramatiske som har skjedd er at eg har prøvd å slette alle bilda mine på P...