søndag, april 16, 2017

Dagbok 2017: 16.april

Klokka er 20.00, temperaturen er+ 4 grader C, det har vore ein nydelig dag med mykje sol, men kald vind. For oss som feirer påske inne er det meir enn greitt nok vêr. Eg var på altanen og knipsa bilda før middag, mot aust og mot vest. Fin utsikt til fjorden før det kjem lauv på trea.
Nils har ikkje vore i form i dag-i går var han veldig bra, spesielt på ettermiddagstid. Det er alltid føremiddagane som er verst, slik var det i dag også. Han har vore heime i over to veker no, og ein veit aldri kva tid infeksjonen slår til igjen. I morgon er det vaske- og bytedag igjen, så då tek det mykje av føremiddagen før han er oppegåande igjen. Alt er slitsomt !
Eg gjer ikkje så mykje om dagane når han er heime, det blir mykje strikking og TV. Elles har eg trykt opp nokre songar til pensjonistmøtet som skal vere komande onsdag. Ja, og så laga eg middag. I dag vart det kotelettar i saus, men det vart ikkje ete så mykje. Slik er det berre. Men når eg tenkjer tilbake på dei middagsmåltida vi to kunne sette til livs før i tida.........
Vi har hatt besøk av barn og barnebarn kvar dag heile veka, i dag  har vi vore åleine-men vi er ikkje åleine når vi er to.(Eg melde ifrå om at Nils ikkje var i form). No skal vi sjå om vi finn noko på TV. Eg har strikka ferdig eit lestepar i dag og starta på eit nytt. Det går heilt automatisk. Skulle vel strikka noko anna, men lester går på autopilot.


Ingen kommentarer:

DAGBOK 2024: 19. APRIL

  Dette bildet er eit par veker gammalt, eg har ikkje fått orden på bildebruken enno. Klokka er no 17.20, temperaturen ute er+8 grader, det ...