torsdag, april 20, 2017

Dagbok 2017: 20.april.

Klokka er 19.00, temperaturen er + 7 grader, det har regna i heile dag, trur eg, men verst var det før middag.
I dag vakna Nils heilt våt av sveitte, men heldigvis hadde han ingen feber og ikkje var han så veldig dårleg heller. Etter ei dose medisin kom han seg på beina og fekk i seg frokosten før det vart dusjing og plaster - og klebyte. Det gjekk rimeleg bra. og var det nokon gong det passa med dusj, så måtte dagen i dag vere perfekt. Eg tok like godt og bytte på sengene med det samme. Golvvask får vente til i morgon.
Nils er bra i form, men han verker i den skadde hofta og har planar om å kontakte lege for meir stråling, eller anna smertelindring. 

Eg skreiv referat frå møtet i går og sende til Møre-Nytt, trur ikkje det vart for langt denne gongen.
Eg har elles konsentrert meg om klesvask, - bretting og matlaging
Til lunsj laga eg aspargessuppe frå pose og til middag henta eg opp ball frå frysaren og steikte med bacon til. Det var litt godt, men best var det å få tømt kasserollen pluss ei anna panne med restemat, så no begynner det å minke i frysaren. Dessverre er der to kasser med makrell som er tenkt til agn, pluss fleire kasser i garasjefrysaren. Det var ein nokså hektisk føremiddag, så då eg sette meg i godstolen for å strikke etter middagen, sovna eg tvert. Men det unnte eg meg sjølv.

Vi hadde annonse i avisa i dag om utleige av kjellarleilegheita vår, men ingen har ringt. Leilegheita har stått tom sidan november, og det er litt synd for vi har kosta på den ganske mykje i seinare år, og vi tek låg leige. Der er relativt ny vaskemaskin, kjøleskap, komfyr, seng og vedomn. Elles er der varmepumpe og Tussa fiber tilgjengeleg. Vi har tatt 3000 kr.mnd. i leige og det er ikkje stort meir enn det den kostar oss, sidan vi betaler dobbelt opp for alle kommunale avgifter. No har vi betalt målar- og linjeleige også, sidan der er eigen straummålar. Viss vi ikkje får leigt ut, må vi få straumen over på vår målar. Eg likar best at der er folk nede som varmar opp leilegheita, då blir det mindre golvkaldt hos oss. Aberet er at der er berre eitt soverom, dei fleste vil ha to.
Det er blitt slik at dei fleste vel å kjøpe i staden for å leige no når renta er så låg. Dei to siste som har budd her har vore utlendingar. Dei har meir problem med å få lån.
Ja, viss nokon veit om ein som treng hybel, så er det berre å opplyse oss. Vi treng ikkje plassen sjølve og eg vil ikkje fylle opp plassen med rot.

2 kommentarer:

Hildegard sa...

Studentar med bil kan kanskje også vere aktuelle leigetakarar, men dei fleste har vel husrom ut skuleåret. Eirik kan vel henge opp plakat på studiesenteret? Håper det ordnar seg for dykk.

Besta sa...

Ja, det er no inga krise, men vi må i alle fall ordne det slik at vi slepp å betale i tusenvis av kr. for straummålaren. Klart at det er ei dårleg tid å få leigetakarar-men dei som budde der flytta ikkje før sist i november.