onsdag, april 19, 2017

Dagbok 2017: 19.april

Klokka er 19.30, temperaturen er + 7 grader C og det er overskya .Det har regna litt, men det har stort sett vore opplett.
I dag var ikkje Nils i form då han vakna. Kva som gjer det er heilt umuleg å vite. Somme dagar er det berre slik-i går var han i fin form. I dag har han sove ganske mykje og slappa av på dagsenga.
Eg var nedover på føremiddagen og hjelpte til med å dekke bord etc. til pensjonistmøtet. Eg gjekk nedover, men Eli køyrde meg heim, så eg var ikkje vekke så lenge.
Eg hadde tenkt at einkvan av naboane kunne stikke innom Nils mens eg var på møtet seinare på dag, men han ville vere åleine og slappe av. Han fekk alt han trong så nær at han ikkje måtte reise seg frå senga mens eg var vekke. Fasttelefon, mobil, osb. Eg la inn nummeret til Ørstaheimen for sikkerheits skuld. Eg gjekk nedover, men kom ikkje langt før ein av naboane stoppa og plukka meg opp; heim frå møtet fekk eg skyss av ein tidlegare kollega og venninne. Vanlegvis vil eg gjerne gå, men eg atteleta litt på han som var heime.
Han var bra i form, greidde å stå opp og ete middag, suppe frå i går, og dessert. No sit han i godstolen og ser TV . Sidan vi ikkje har høyrt noko, kan dei ikkje ha funne noko på blodprøven dei tok i går-viss den er analysert då. Veit ikkje kor lang tid det tek.
Eg har ikkje gjort stort her heime i dag, berre det mest naudsynte, og så sat eg og strikka litt mens Nils sov i stolen. Er begynt på andre lesteparet av garnet som Margrete kjøpte.
Det var eit kjekt møte i dag. Terje Kjøde hadde eit interessant kåseri om A.O.Vinje, ei diktar eg visste lite om, sjølv om songane hans er kjende.
Vi hadde Louise Engeseth til å synge "Våren" og " Ved Rondane" (No ser eg atter slike fjell og dalar), andre Vinje-songar vart allsong.
På bildet ser de Louise som går i same klassen som Amanda, og som somme kanskje kjenner att frå "Norske talenter". For dette høvet var det Elisabeth Stave som akkompagnerte. Det gjorde ho veldig fint, utan å overdøve songaren.
Det er berre så håplaust å få gode bilde under lysrøra. Det er sikkert ikkje umulig for dei som kan å stille inn fotoapparatet.
No har eg sett på kaffien, Nils ville også ha. Og så har han funne fram "Fjorden Cowboys" på TV. Det er lys i tunnelen.

Ingen kommentarer: